PROFESSOR: Einar Duenger Bøhn er professor i filosofi ved Universitetet i Agder.
NPK
Trening, slanking, bibellesing? Her er filosofens tips når du skal velje nyttårsforsett
Professor Einar Duenger Bøhn meiner nyttårsforsett kan ha stor verdi sjølv om dei ikkje vert realiserte fullt ut.
Dei siste dagane av året tenkjer mange menneske på kva dei vil gjere annleis i det neste. Ein av dei er Einar Duenger Bøhn, professor i filosofi ved Universitetet i Agder.
– Eg likar veldig godt å ha overordna mål på eit personleg plan, seier Bøhn til Dagen.
Ein del vil kjenne han frå podkasten «Ole Martin og Einar leser Bibelen» som Dagen skreiv om tidlegare i år.