PRIS: Barnevakten fekk tildelt Sareptaprisen for 2019. (f.v) Styreleiar i KNIF Knut Are Hole, dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, og generalsekretær i KRIK, Silje Kvamme Bjørndal, som òg satt i juryen. Foto: KNIF/Sparebanken Sør
Sareptaprisen til Barnevakten
Organisasjonen Barnevakten får Sareptaprisen 2019 for sitt haldningsskapande arbeid for å mellom anna skapa ein trygg mediekvardag for barn og unge.
Overrekkinga fann stad under Leiarseminaret KNIF- Sør på Lindesnes Havhotell torsdag 5. september. Dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, tok imot prisen på vegner av organisasjonen.
Barnevakten får prisen for sitt haldningsskapande arbeid for å skapa ein trygg mediekvardag og gode medievanar, både for barn, foreldre, lærarar og andre som arbeider med barn og unge.
Sareptaprisen er stifta av KNIF og Sparebanken Sør for å skapa merksemd omkring det verdiskapingsarbeidet som skjer innanfor Kristen-Noreg ut frå ei tolking om «å få mykje ut av lite».