For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

VERDI: - Alle menneske har like høg verdi, seier Arild Halse (midten). Saman med Knut Sigve Sollid (t.v.), Tor Heine Rosdahl og fem andre psykisk utviklingshemma utgjer dei musikkgruppa Merkesteinane.

– Samfunnet må ha plass til oss som er litt annleis

Dei psykisk utviklingshemma medlemene i Merkesteinane er skuffa, sinte og opprørte over at stadig fleire foster med Downs syndrom blir abortert.

Publisert Sist oppdatert

– Eg synest det er veldig fælt om ikkje samfunnet skal ha plass til oss som er funksjonshemma. Folk skal jo vere hyggelege og snille med kvarandre. Det går ikkje an å halde på å vere stygge mot andre.

Det seier Tor Heine Rosdahl frå Stryn. Han var frontfigur då musikkgruppa Merkesteinane i Volda på Sunnmøre vart landskjende i 2006 med kinofilmen «It's Hard to be a Rock'n Roller».

Dagen Magazinet får ein prat med tre av medlemene før gruppa skal synge og spele på ein stor Nav-konferanse i Molde.

Arild Halse frå Fiskå i Vanylven fortel at dei får med seg ein del av mediedebatten om funksjonshemming og abort. Og Rosdahl legg til at dei snakka om temaet seinast dagen før.



– Gale å fjerne liv

– Vi synest at abort er grusomt, seier han.

– Eg synest det er dumt med abort, for det er å fjerne liv som ein meiner ikkje har rett til å leve. Sånt går ikkje an, for alle er like mykje verdt, seier Halse.

Han blir skuffa og lei seg når han høyrer om slikt, og ser ein fare for at det kan bli eit utveljingssamfunn «no når folk kan bestemme mykje om kven som skal bli født».

– Samfunnet må ha plass til folk som er litt annleis. Det har faktisk mykje å seie, fordi då vert det eit større fellesskap. Alle har like mykje verdi og alle greier å gjere noko, seier Halse.



Fordommar og erting

Knut Sigve Sollid frå Folkestad i Volda er samd.

– Ein må vere snille med kvarandre og ikkje mobbe. Dersom det er nokon som er ekle, fer vi berre der ifrå. Vi bryr oss ikkje med å diskutere med dei. Men det er mange som er snille også, fortel Sollid.

Alle tre har opplevd mobbing og fordommar.

– Folk ser på oss som kanskje litt spesielle, eller annleis, seier Halse.

I filmen sa Rosdahl at han hadde opplevd at folk ropte stygge ting til han.



– Grense for tolmodet

– Eg veit ikkje kvifor folk er sånn. Eg begynner å bli litt arg, fordi sjølv om eg er blid og kjekk så kan tolmodet mitt ta slutt. Eg blir litt harm på folk som driv på sånn, det går ikkje an å oppføre seg som nokon dritsekkar, seier Rosdahl.

Han er ikkje sikker på at haldningane generelt er noko betre i dag enn for nokre år sidan. Men Halse meiner at filmen om dei har vore ei hjelp.

– Folk respekterer oss mykje meir no etter at vi vart kjende. Stort sett, seier han.

Styreleiar Ludvik Flåskjer er far til ein av dei andre medlemene.



Endra haldningar

– Merkesteinane var sjølvsagt kjende i nærmiljøet, i til dømes Volda, Ørsta og Vanylven, lenge før filmen. Og det at dei har vist kva dei kunne få til, det meiner eg har endra haldningar i nærmiljøet, seier Flåskjer.

Halse synest det er kjekt å ha blitt kjendis gjennom dokumentarfilmen.

– Men det er sjølvsagt også litt travelt. Folk flest trur at det å vere kjendis er berre hyggeleg heile tida, men sånn er det ikkje, seier Halse.

Han trur det har stor verdi for andre menneske å få sjå Merkesteinane synge, spele og showe.



– Vi har ein bodskap

– Vi gleder andre med det vi held på med, og vi formidlar ein bodskap gjennom tekstar, melodiar og det vi seier innimellom på scena, understrekar han.

Sollid skyt inn at det også har mykje å seie for medlemene å få opptre rundt om. På hausten det året filmen vart lansert hadde dei konsert over 40 gonger. Og framleis er det eit tett program.

– Eg har vore med i Merkesteinane i 14 år og synest det er kjekt både å reise, å spele og det å kome i lag med dei andre i gruppa, seier han.



Usemje om soloprat

Rosdahl har enno ikkje gitt opp tanken om å bli rockestjerne med solokarriere.

– Det er OK å vere i lag med desse her, men det kan bli sånn at eg begynner å føle at...altså...eg dreiv med ein rockeverkstad og eg har hatt håp om å kome vidare med den musikktypen, seier han.

Dei to andre protesterer og vil ikkje høyre på slikt soloprat.

– Det er Merkesteinane som har gjort deg så kjend, og du må ikkje slutte der, seier dei.

Rosdahl seier at sjølv om han ikkje sluttar, har han lyst til å spele andre stader. I jula spela han mellom anna med eit band på Hotell Alexandra i Loen.

– Eg har også har spelt mange plassar, men slik «einvegskøyring» likar eg ikkje, seier Halse, medan Sollid fortel at han har spelt over 30 år i korpset på Folkestad.


Powered by Labrador CMS