FOLKSAMT: Arrangørane venta svært mykje folk til March for Jesus i den nordirske hovudstaden i Belfast denne helga.
March for Jesus Ireland/ Facebook
Avlyste Jesus-marsj. Årsak: Venta for mykje folk
Arrangørane av March for Jesus i Belfast vurderte det ikkje som trygt å gjennomføre.
Tusenvis av menneske var venta til marsjen laurdag 7. juni. Arrangementet er blitt marknadsført som ei «ikkje-politisk, familievenlig feiring av den kristne trua» for å gjere Jesus Kristus kjend i Belfast og utover Nord-Irland». Initiativet er samlar kristne frå forskjellige kyrkjesamfunn og konfesjonar.
Arrangøren March for Jesus Ireland hadde ein tilsvarande marj i Dublin i fjor med stort oppmøte.
Men få dagar før vart marsjen avlyst av «omsyn til helse og tryggleik» med dei mange som var venta, ifølgje irishnews.com.