Ropstad: NRK-spørsmålet er ikkje eit stort problem
Barne- og Familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) meiner ikkje at NRK Super-appen Svar-o-meter sitt spørsmål om legning er eit stort problem.
Tidlegare i dag melde Dagen om NRK Super-appen Svar-o-meter som sendte spørsmål til titals tusen born i Noreg om kva seksuell legning dei har.
To-barnsfaren Harald Høidahl reagerte sterkt på spørsmålet borna hans fekk opp på mobilane sine i dag tidleg.
– Eg vil ikkje at NRK skal stille borna mine det spørsmålet når dei er sju og ni år. Det vil eg som far gjere, sa Høidahl om spørsmålet.