UTFORDRAR BISKOPEN: Soknerådsleiar Ketil Hjelseth meiner det var ei dårleg løysing på konflikten i Spjelkavik kyrkje å flytte ein av prestane. Foto: Dagen-arkiv
Prestekonflikt splittar kyrkjelyd
Soknerådsleiar meiner det er uakseptabelt at ein konservativ prest avstår frå nattverdsfellesskap med liberale kollegaer.
Eit av dei største sokna i Den norske kyrkja, Spjelkavik i Ålesund, er prega av konflikt som følgje av teologisk usemje mellom prestar.
Tysdag publiserte Dagen eit lesarinnlegg frå soknerådsleiar Ketil Hjelset der han gjorde greie for korleis han ser på striden.
Utgangspunktet er at ein av dei tre prestane i kyrkjelyden ikkje vil dele nattverdfellesskap med ein kollega som er seier ja til å vie likekjønna par.