SORTERINGSSAMFUNN: Maria Elisabeth Selbekk i Menneskeverd og Cecilie Røinås i Velg Livet er begge urolege for at den nye abortlova vil nøra opp under sorteringssamfunnet.
Menneskeverd / Herman Frantzen
No trer den nye abortlova i kraft: - Menneskeverdet i Noreg er verkeleg under press
Frå 1. juni vert grensa for sjølvbestemt abort utvida frå veke 12 til veke 18. Lovendringa møter sterk motstand frå engasjerte livsvernsforkjemparar.
Sidan 1978 har gravide kvinner kunna ta sjølvbestemt abort fram til veke 12 i svangerskapet.
No står ei kjend og omdiskutert lovendring for døra: Frå og med 1. juni vert grensa for sjølvbestemt abort utvida til veke 18.
- Dette er ei trist lovendring som seier mykje om menneskesynet vårt, seier Cecilie Marie Røinås (24) frå Vennesla.