FOKUS: Noah Ueland er ofte innom Elisabeth og Gudmund Husveg på Jæren. Dei har nemleg opna heimen sin for folk som er nyfikne på kristen tru.
Helene Reite Uglem
Noah (23) festa, rusa seg og såg ned på kristne: – Alt handla om meg
For tre år sidan rakna alt. Så opplevde han å møte Jesus på stovegolvet.
Noah Ueland har eit tatovert kors bak øyret og har eit stort smil om munnen. På den svarte T-skjorta står det «Trust in the Lord».
Før mislikte han alt som «lukta kristenmanns blod». Det einaste han tenkte på var neste helg, neste fest, neste rus.
No kjem han inn i heimen til Gudmund og Elisabeth Husveg i Sirevåg på Jæren. Ein trebarnsfamilie som har opna heimen sin for dei som er nye i trua eller som berre er litt nyfikne på det.