nei: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) i debatt med barneombod Inga Bejer Engh (t.v) og Thale Skybak i Redd Barna om barns bruk av sosiale medium.
Karl Almedal
Oppfordrar til å nekte barn smarttelefonar
Barne-
og familieminsteren meiner
at foreldre bør nekte barn
både smarttelefon og tilgong
til sosiale medium.
– Vi ser kor lett det er å bli lurt. Barn sender eit uskuldig bilete til noko på sosiale medium, og det neste som skjer at dei blir truga til å sende fleire bilete med meir og meir nakenskap. Då er dei fanga, og det har vi sett nok dømer på.
Det sa barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) då han og barneombod Inga Bejer Engh debatterte barns bruk av sosiale medium i Bergen tidlegare denne veka.
Ropstad meiner at å ikkje gje barna ein smarttelefon, er noko av det viktigaste foreldre kan gjere for å beskytte barna frå farane på sosiale medium.