For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

DEBUTANT: Terje Torkildsen, kjend frå rolla som taxisjåfør i Mongoland, debuterer i haust som forfattar med boka Marki Marco.

Moromann gjev seg litteraturen i vald

Taxisjåføren frå kultfilmen Mongoland debuterer no som forfattar med ungdomsthrilleren Marki Marco. – Ei gåvepakke til norsklærarane, meiner forfattaren sjølv.

Publisert Sist oppdatert

Terje Torkildsen er nok mest kjend for rolla han hadde som taxisjåfør i kultfilmen Mongoland. I Stavanger er han ˜g kjend som stand-up komikar, revyregissør og skribent med eiga spalte i Stavanger Aftenblad. I haust debuterer kultur-alt-mogleg-mannen som forfattar med romanen Marki Marco.

– Boka mi er ei gåvepakke til alle frustrerte norsklærarar her i landet. Endeleg er det ein nynorskroman for ungdom med sex, drap og vald. Dette veit eg at dei har sakna i undervisninga, fortel han.



Starta som skuleprosjekt

Boka kom i stand etter at Torkildsen hadde jobba som regissør på ein elevrevy ved St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger.

– Det var ein lærar der som meinte at eg burde skrive ein ungdomsroman til bruk i undervisninga. Ho meinte at det var for få romanar på nynorsk som ungdom kunne identifisere seg med. Då eg kom heim tenkte eg på det og byrja etter kvart å skrive, seier han.

Med hovudfag i nordisk er han ikkje heilt ukjend med utfordringane i skuleverket. For å vere sikker på at romanen trefte målgruppa, byrja han å samarbeide med læraren.

– Eg sendte manuset etter kvart som eg vart ferdig med det til skulen. Elevane leste gjennom og kom med tilbakemeldingar. For å unngå slikt norskstil-preg og få ei så ærleg tilbakemelding som rå, fekk ikkje elevane vite kven det var som skreiv. Det viste seg at det elevane ville ha var handling. Alt snik snakk om kjensler og skildringar av ting og tang interesserte dei ikkje. Dei ville ha action, seier Torkildsen.



Ikkje berre for ungdom

Han bestemte seg for å skrive ei moderne eventyrforteljing med alt som høyrer med av slott, skurkar og oppgåver helten må gjennom for å vinne hjartet til prinsessa.

– Eg skriv om ein ungdom som bur i Belgia. Det er eit land eg er fascinert av, eit land i oppløysing. Noko som passar bra for korleis ungdomstida er. Når ein er ung må ein finne sin eigen identitet, akkurat som Belgia må gjere no. Dette politiske bakteppet gjer at ein kan lese boka på fleire måtar. Ein kan lese boka som ein rein underhaldningsroman, eller som ein samtidsroman som tek for seg sosiale og politiske tilhøve i Europa. Dette gjer at boka bør ha ein brei appell og at den ikkje berre høver for ungdom, seier han.

Torkildsen arbeider no med ein ny roman, samstundes som han driv på med ulike filmprosjekt. Det å skulle arbeide som lektor som han er utdanna til, er ikkje aktuelt.

– Eg har hovudfag i nordisk og arbeidde litt som lærar i studietida, men då eg måtte studere pedagogikk for å få lektortittelen, mista eg heilt lysta på å undervise. Då valde eg heller å jobbe med ulike frilansprosjekt, fortel han.


Powered by Labrador CMS