SJÅ TIL BØ I TELEMARK: Sokneprest Sveinar Medhaug talar samvitsfridomens sak i reservasjonsdebatten. - Folk har etterspurd om ikkje kyrkja skal seie noko. Dette handlar om kva samfunn vi vil ha, seier Medhaug. Foto: Silje Rognsvåg

- Legereservasjon var ikkje noko problem før nokon sa det til oss

I Bø i Telemark har debatten om reservasjon for fastlegar vekt opp dei sterke ytterpunkta for og mot abort. I midten sit alle dei som berre vil at alt skal vere som før.

- Eg tyk­kjer det er ei tra­ge­die om han skal slut­te, seier kvin­na på 66 år.

Ho sit og ven­tar på sin time hjå ein av dei ut­skjel­te re­ser­va­sjons­le­ga­ne ved Bø lege­sen­ter i Tele­mark.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pulver­kaf­fi står fram­me og veke­blad kan freis­te med slad­der. Det er ikkje mange på det kvite vente­rom­met i augne­blin­ken, men det kjem støtt folk innom før dei blir henta av le­ga­ne.

Sidan nytt­års­skif­tet har Bø lege­sen­ter fått køyrt seg i riks­me­dia, på Stor­tin­get og kom­men­tar­fel­ta i so­sia­le media. Helse- og om­sorgs­mi­nis­ter Bent Høie (H) sitt høy­rings­for­slag om å gi fast­le­gar re­ser­va­sjons­høve mot å vise til abort, har sett fyr på mot­stan­da­ra­ne.

Og det fak­tum at ein del legar har prak­ti­sert re­ser­va­sjon i flei­re tiår, til­syne­la­tan­de utan hei­mel i nokon lov, vert ikkje sett på med blide auge.

Blant skrekk­døma for kor­leis det vil bli på bygda der det er få legar, har Bø lege­sen­ter blitt løfta opp. Her kor tre av sju legar re­ser­ve­rer seg mot eit eller anna.

Lands­dek­kan­de TV-ka­na­lar har vore her. Riks­avi­se­ne har in­ter­vjua kvin­ner som føler at ret­ta­ne deira blir kren­ka. Po­li­ti­ka­rar på venstre­sida har kravd at le­ga­ne skif­tar jobb.

Tilsynssak

Blog­gar Su­san­ne Kaluza, Ådne Naper i SV Tele­mark og lege The­re­se Ut­gård har klaga le­ga­ne inn for fyl­kes­le­gen i Tele­mark, Stei­n­ar Aase. I slut­ten av denne veka kjem tru­leg av­gjer­da på til­syns­sa­ke­ne som er opp­ret­ta mot kvar av dei tre le­ga­ne, samt kom­mune­le­gen for Nome, Bø og Sau­he­rad. I til­legg er det ei til­syns­sak mot ein re­ser­va­sjons­lege i Sau­he­rad.

- Vi vur­de­rer sa­ke­ne ut frå lov­ver­ket som gjeld, seier fyl­kes­le­gen til Dagen.

Han ønskjer ikkje å kom­men­te­re saka før av­gjers­la er på plass.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vil hel­ler ikkje re­ser­va­sjons­le­ga­ne sjøl­ve. Tere­sa De­bicka er på ferie når Dagen vit­jar Bø midt i star­ten av fe­bru­ar. Ho er den ein­as­te som ikkje vil vise til abort på lege­sen­te­ret.

Dag Sele og Ole André Skal­stad re­ser­ve­rer seg mot å setje inn ko­par­spi­ral i kvin­ner, fordi dei mei­ner at det in­ne­ber å ta liv. Pre­ven­sjons­mid­de­let skal nem­leg hind­re be­fruk­ta egg i å feste seg til liv­mor­veg­gen.

Sele er også fyl­kes­lei­ar i KrF Tele­mark og førs­te vara til sen­tral­sty­ret. I slut­ten av ja­nu­ar stod han fram som «en av disse ufy­se­li­ge, mo­ra­lis­tis­ke le­ge­ne» under KrFs lo­kal­po­li­ti­kar­kon­fe­ran­se i Stav­an­ger. Sele for­tal­te om krev­jan­de veker med presse­merk­semd, iføl­gje Vårt Land.

STORMENS SENTER: Fastlegane Dag Sele (t.v.) og Ole André Skalstad reserverer seg mot å setje koparspiral i kvinner, men viser til abort. Kollega Teresa Debicka som ikkje viser til abort, var på ferie då biletet blei teke.

- Det er vik­tig for oss å få fram at vi ikkje har nokon po­li­tisk agen­da med dette, og der­for er det ikkje na­tur­leg for oss å delta i den of­fent­le­ge de­bat­ten så lenge prak­si­sen er under vur­de­ring, seier re­ser­va­sjons­le­gen.

Oppgitt pasient

«Det å stil­le le­ga­ne i Bø i ei form for na­sjo­nal gape­stokk, utan at dei har fått kla­ger mot seg på dette, set eg spørs­måls­teikn ved», skriv kom­mune­over­lege Kris­tin Sekse Vi­ka­ne i eit svar­brev til fyl­kes­le­gen i Tele­mark.

På vente­rom­met er 66-årin­gen opp­gitt.

- Le­ga­ne har hatt re­ser­va­sjons­rett i 20 år. Så be­gyn­ner blog­ga­rar i Oslo å bry seg og plut­se­leg blir det eit pro­blem. Dei veit ikkje kor­leis det er i Bø, seier ho.

Sjølv er kvin­na mot ver­ken spi­ral eller abort.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Men viss tre legar skul­le for­svin­ne ville det vere ei tra­ge­die for Bø. Den sida kjem ikkje så godt fram; det får føl­gjer for vel­dig mange, seier ho.

Ordføraren

Det be­kref­tar ord­fø­rar Olav Kas­land (V).

- Folk er redde for å miste le­ga­ne sine, noko som ville gått sær­leg ut­over kro­ni­ka­rar og eldre, seier han.

Vi møter ord­fø­ra­ren på hans kon­tor i kom­mune­hu­set midt i Bø­gata, som går gjen­nom Bø sen­trum. Han har ut­sikt ut­over eit snø­kledd Bø torg, der det i slut­ten av ja­nu­ar gjekk eit fak­kel­tog til støt­te for re­ser­va­sjons­le­ga­ne. Lege­sen­te­ret er ikkje langt unna.

«Al­la­hu akbar» lyder det frå ei vek­kjar­klok­ke forma som ein moské. Kas­land de­mon­stre­rer gåva han fekk av Ta­li­ban i Af­gha­ni­stan i sin tid­le­ga­re kar­rie­re som bi­stands­ar­bei­dar i Raude­kros­sen. Han har samla su­ve­ni­rar frå di­ver­se land på top­pen av re­olen på ord­fø­rar­kon­to­ret midt i Bø­gata.

- Det er mange his­to­ri­er. Eg får ikkje ha dei heime, for­kla­rar Kas­land.

Han viser fram eit pe­nis­fut­te­ral av mais frå Na­mi­bia.

- Det skul­le kan­skje mann­fol­ka brukt meir, smi­lar ord­fø­ra­ren, med adres­se til re­ser­va­sjons­de­batt og abort­pro­ble­ma­tikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ord­fø­ra­ren har etter kvart fått nok av medie­tryk­ket i re­ser­va­sjons­saka.

- Det er frust­re­ran­de at ny­an­sa­ne i de­bat­ten over­ho­vu­det ikkje kjem fram. Her har dei sen­tra­le ak­tø­r­a­ne i po­li­tik­ken og media ein ei­gen­in­ter­es­se i å po­la­ri­se­re de­bat­ten. Eg kjen­ner eg blir pro­vo­sert når sen­tra­le po­li­ti­ka­rar ut­ta­lar seg på veg­ner av bygda vår.

Saknar nyansar

Venst­re-po­li­ti­ka­ren be­tak­kar seg for at folk skal kome med enkle løy­sin­gar til en­kelt­kom­mu­nar.

- Set deg inn i saka! Enkle po­pu­lis­tis­ke yt­rin­gar får ikkje min til­lit, tord­nar han.

Ny­an­sa­ne han sak­nar er føl­gjan­de:

* Lege­sen­te­ret har fel­les­lis­te for pa­si­en­ta­ne. Fast­le­ga­ne har altså fel­les, ikkje per­son­leg, an­svar for å gi folk helse­til­bo­det dei har krav på.

* Fast­le­gar i Bø har prak­ti­sert re­ser­va­sjon i rundt 20 år, utan å ha fått nokon kla­gar på det frå pa­si­en­tar, ver­ken til Høg­sko­len i Tele­mark, kom­mu­nen eller fyl­kes­le­gen.

* Får dei tre le­ga­ne spar­ken, står over 3.000 inn­byg­gja­rar utan fast­le­ge. Kom­mu­nen har i lange pe­rio­dar slite med å fylle fast­le­ge­lis­ta si.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Alt dette kjem ikkje fram i na­sjo­nal pres­se, seier Kas­land opp­gitt.

Per­son­leg er han mot re­ser­va­sjons­ad­gang, men som ord­fø­rar går han det prag­ma­tis­ke spo­ret. Lo­kalt er det berre SV-po­li­ti­ka­rar som har en­ga­sjert seg på nei-sida.

- Andre parti sy­nest at saka er lei. Sam­ti­dig veit vi at kva­li­te­ten på lege­sen­te­ret er vel­dig høg, seier ord­fø­ra­ren.

Lokalavisa

All de­bat­ten og presse­merk­sem­da har på ingen måte gått fol­ket i bygda hus forbi.

Den vesle re­dak­sjo­nen på tre jour­na­lis­tar, in­klu­dert ho sjølv, er lo­ka­li­sert like ved kom­mune­hu­set. Nesje for­tel om ster­ke mei­nings­yt­rin­gar på Face­bo­ok om re­ser­va­sjons­saka. Sær­leg er det mot­stan­da­ra­ne som do­mi­ne­rer.

- Det er hef­ti­ge ka­rak­te­ris­tik­kar. Eg har ikkje sett mykje en­ga­sje­ment blant dei som er for. Ar­gu­men­ta i denne de­bat­ten har blant anna vore at du er kvinne­fiendt­leg og abort­mot­stan­dar om du er for re­ser­va­sjons­rett. Ein or­dent­leg de­batt blir der­for litt punk­tert fordi ein stemp­lar ei side, som då ikkje tør å stå så klart fram, seier Nesje.

I førre vekes ut­gå­ve av Bø Blad er det to mind­re saker knytt til re­ser­va­sjons­saka. Kon­troll­ut­va­let i kom­mu­nen har un­der­søkt kom­mu­nens av­ta­le med fast­le­ga­ne og er til­freds med sva­ret. I den andre saka slår kom­mu­nen fast at svært få har bytta fast­le­ge som føl­gje av re­ser­va­sjons­saka.

Vanskeleg sak

- Kor­leis er det å dek­kje ei sak som er så sen­si­tiv lo­kalt?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det er vans­ke­leg. Na­sjo­na­le media kan hoppe inn i ei sak og sprin­ge vi­da­re etter­på. Det har vore vik­tig for oss å prøve å ba­lan­se­re saka, å vere ty­de­leg på å at fakta er rik­ti­ge, at alle skal få ut­ta­le seg og få til­svars­rett. Vi har ikkje hatt store opp­slag og mange saker, men vi har følgd med og hatt de­batt gjen­nom le­sar­inn­legg, seier Nesje.

Avisa har ikkje fron­ta noka mei­ning om re­ser­va­sjon på leiar­plass.

- Er ei­gent­leg Bø eit godt døme i den na­sjo­na­le re­ser­va­sjons­de­bat­ten?

- Nei. Der­som ein finn ein stad med éin lege som vil re­ser­ve­re seg, vil eg seie det er eit pro­blem. Her viser seks av sju legar til abort. Då opp­le­ver kan­skje mange at Bø ikkje er det beste dømet, seier Nesje.

Demonstranten

- Der samla vi oss, seier Fer­di­nand Wyl­ler og pei­kar ut­over Bø torg, ein open plass mel­lom kom­mune­hu­set og Bø­gata. Den krist­ne bi­let­kunst­na­ren og skulp­tø­ren frå nabo­byg­da er ei­gent­leg ikkje po­li­tisk aktiv, men i slut­ten av ja­nu­ar ar­ran­ger­te han og kona eit fak­kel­tog til støt­te for re­ser­va­sjons­ret­ten.

- Eg vakna tid­leg ein laur­dag og viss­te med heile meg at eg måtte gjere noko. Eg var litt pro­vo­sert av ei grup­pe fe­mi­nis­tar som hadde stilt seg opp og de­mon­strert utan­for lege­sen­te­ret, seier Wyl­ler.

Han un­der­stre­kar at øns­ket om re­ser­va­sjons­ad­gang har sitt ut­gangs­punkt i abort­saka.

- Det er der­for folk re­ser­ve­rer seg. Le­ga­ne er redde for å gjere noko galt og ta liv. Det sprin­gan­de punk­tet er å kunne re­ser­ve­re seg mot å ta liv, som ved å nekte mi­li­tær­te­nes­te, elles kan ein ikkje re­ser­ve­re seg i hytt og pine, seier kunst­na­ren.

25. ja­nu­ar var rundt 70 per­son­ar med bak pa­ro­la­ne «Ja til livet», «Ja til livs­rett» og «Ja til re­ser­va­sjons­rett». Wyl­ler heldt ein ap­pell på nokre mi­nutt, før toget gjekk opp ho­vud­gata og enda opp ved kyr­kja. Der av­slut­ta dei med son­gar som «Eg har ein ven som har gitt sitt liv» og «Hevenu Shalom Aleich­hem».

- Det var ein ny­de­leg flokk. Eg var spent på om det skul­le kome nokon. Sær­leg blant stats­kyr­kja var det lite in­ter­es­se, og det var ver­ken pres­tar eller pas­to­rar med, seier Wyl­ler med eit stikk til dei lo­ka­le kris­tentop­pa­ne.

Han av­vi­ser at pa­ro­la­ne blan­da inn abort­saka i fak­kel­to­get.

- Det er vans­ke­leg å finne pa­ro­lar som ab­so­lutt alle er samde i, men også folk som ikkje var mot­stan­da­rar av abort­lova fann sin pa­ro­le her, seier Wyl­ler.

Mediestyrt sak

I fak­kel­to­get var det flei­re frå Bø Pinse­me­nig­het, iføl­ge for­stan­dar Rolf Inge Jo­han­sen. Dagen har snak­ka med nokon i for­sam­lin­ga som ikkje ønskjer å stå fram med namn og bi­le­te. Somme var med i fak­kel­to­get og støt­tar re­ser­va­sjons­le­ga­ne. Andre mei­ner at saka er blåst ut av alle pro­por­sjo­nar.

- Saka er medie­styrt og folk er lei heile de­bat­ten. Mange saker blir sausa saman, seier ei kvin­ne.

Høgskulen

På Stor­tin­get har Kris­te­leg Folke­par­ti måtta ar­gu­men­te­re for at re­ser­va­sjons­saka ikkje hand­lar om abor­tret­tar.

Nett­opp fak­kel­to­get og pa­ro­la­ne er be­vi­set for at re­ser­va­sjons­saka ei­gent­leg hand­lar om abort, mei­ner Gerd von der Lippe. Ho er idretts­pro­fes­sor ved Høg­sko­len i Tele­mark, med i Bø Kvinne­fo­rum og for ve­te­ran å rekne som abort­for­kjem­par.

Von der Lippe sit på eit lunsj­rom på høg­sku­len og viser fram ein ar­tik­kel i den lo­ka­le vekes­avi­sa Bø Blad frå fak­kel­to­get.

- Eg ser på re­ser­va­sjons­saka som ein re­vansj frå abort­mot­stan­de­ra­ne på 70-ta­let, seier von der Lippe.

En­ga­sje­men­tet mot re­ser­va­sjons­le­ga­ne sit djupt i 72-årin­gen. For førti år sidan var ho sjølv med i de­mon­stra­sjons­tog for å få inn­ført sjølv­be­stemt abort. Abort­lova vart ved­te­ken med knapt fleir­tal på Stor­tin­get.

- I eit makt­per­spek­tiv er kvin­na den svake par­ten. Kan ho ikkje gå til sin fast­le­ge, men må gå til ein annan, er ho i ein sår­bar po­si­sjon. Det er ingen men­neske­rett å vere fast­le­ge. Når du går inn i ein stat­leg be­talt jobb, blir det galt for meg at dine per­son­lege mei­nin­gar skal gå ut over den sva­kas­te par­ten, seier von der Lippe.

- Abort­mot­stan­da­rar vil hevde at bar­net i magen er den sva­kas­te par­ten?

- I min lo­gikk er det eit vi­ka­rie­ran­de ar­gu­ment. Mora som ber fram fos­te­ret er ikkje berre eit «hus», men eit men­nes­ke. Det har kvinner­ørs­la slost for i over hund­re år, seier pro­fes­so­ren.

Ho får støt­te frå kol­le­ga og sti­pen­diat Shea Sund­støl, som mei­ner at det er dob­belt­mo­ralsk av le­ga­ne å la andre kol­le­ga­er gjere det dei re­ser­ve­rer seg mot.

- Der­som eg mein­te at noko var mo­ralsk gale, ville eg tenkt at ingen av mine kol­le­ga­er burde gjere det, seier Sund­støl.

Studentane

Stu­den­ta­ne på høg­sku­len er ikkje sær­leg opp­tek­ne av re­ser­va­sjons­saka. Flei­re vi møter i kan­ti­na og inn­gangs­hal­len har lite inn­sikt i saka, mens andre har gjort seg opp ei mei­ning.

Øko­logi­stu­den­ta­ne Kris­ti­ne Olaus­sen (24) og Mari Olsen (23) slår fast at fast­le­gar må finne seg i å vise til abort og setje inn ko­par­spi­ral.

Sjølv har Olaus­sen som uven­ta gra­vid opp­levd det ube­ha­ge­leg då legen ho kom til i Bø, gjor­de det klart at han ikkje ville vise til abort.

MOT RESERVASJON: - Men det er for lett å vere sløv med prevensjonen og så ta abort, seier økologistudentane Kristine Olaussen (24) og Mari Olsen (23) ved Høgskolen i Telemark. Foto: Silje Rognsvåg

- Eg vart litt sett ut av at han sa det. Eg tykte han burde kunne opp­ly­se om begge al­ter­na­tiv, og ikkje legge sine per­son­lege mei­nin­gar i det han for­tel pa­si­en­ta­ne sine, seier stu­den­ten.

Hen­din­ga skjed­de for eit par år sidan, og det skal ikkje dreie seg om ein fast­le­ge som er ved lege­sen­te­ret i dag.

Sam­stun­des er Olaus­sen takk­nem­leg for at legen bad ho gå heim, lese seg opp og ten­kje over saka ei veke.

- Vi valde å be­hal­de bar­net og har ikkje angra på det. Men når du til dømes har ein «one night stand», skjø­nar eg at du ikkje vil be­hal­de bar­net, seier ho.

- Kva med sam­vits­fri­do­men i ut­øving av yrket?

- Om sam­vi­tet er så vik­tig kan legar hel­ler ta det i den råd­gje­van­de delen, opp­ly­se og auke kunn­skaps­ni­vå­et til den det gjeld, så den kan ta eit rik­tig val, seier stu­dent Mari Olsen.

Presten

Det snør kvitt rundt kyr­kja medan svart­kled­de men­nes­ke forlét kyr­kje­gar­den. Flag­get er kome til topps. Ein eldre mann er stedt til kvile.

Sokne­prest Svei­nar Med­haug (30) har litt tid til å snak­ke om re­ser­va­sjons­de­bat­ten før han skal ta imot kon­fir­man­ta­ne. Preste­kjo­len er alle­reie hengt av i det tra­di­sjo­nelt inn­reia sa­kris­ti­et.

- Frå det eine til det andre, smi­ler han og slår seg ned i ein stol ved vin­dau­get.

Sokne­pres­ten har en­ga­sjert seg i re­ser­va­sjons­saka med å skri­ve om sam­vits­fri­dom i den faste spal­ta si i Bø Blad. I ja­nu­ar hadde han eit le­sar­brev på trykk i Af­ten­pos­ten. Der stil­ler han spørs­mål ved «ein­veg­s­to­le­ran­sen» ved å ikkje gi fast­le­gar re­ser­va­sjons­ad­gang.

- Ein snak­kar om eit sam­funn med mang­fald og rom for alle, men eg stus­sar på om det berre er li­be­ra­le ver­di­ar som skal to­le­re­rast. Blir ikkje det ein form for ein­veg­s­to­le­ran­se som fell på sin eigen uri­me­leg­heit, spør pres­ten.

Han pei­kar på at det i flei­re yrker er sam­vits­fri­dom. I hans eigen bran­sje er det rom for å re­ser­ve­re seg i sam­band med vig­sel av skil­te.

Sokne­pres­ten skjø­nar at abort­saka kjem opp i kjøl­vat­net av re­ser­va­sjons­saka.

- Det er ikkje abort­lova som står på spel, men for folk flest heng dette saman. Det hand­lar om kva ein ten­ker om det som veks fram i mors liv.

Med­haug rea­ge­rer på at Bø på riks­plan blir løfta fram som eit «skrekk-døme».

- Eg vil snu heilt om på det og løfte Bø i Tele­mark fram som eit godt døme på ein stad det er rom for sam­vi­tet sam­ti­dig som pa­si­en­ta­ne får det dei har krav på. Sjå til Bø i Tele­mark! Somme blir his­si­ge med ein gong ein berre stil­ler spørs­måls­teikn ved om det er eit men­nes­ke eller berre ein celle­klump i mors liv. Det skal sjølv­sagt vere lov til å stil­le spørs­mål her, mei­ner eg.

Med­haug er opp­te­ken av at kyr­kja må kjem­pe for det han ser som den sva­kas­te par­ten - bar­net i magen - men at kvin­ne­ne all­tid må mø­tast med om­sorg og re­spekt.

- Vi mis­luk­kast som kyr­kje der­som vi berre smell til med bod og reg­lar. Men eg sy­nast at kyr­kja med god grunn kan ha ei stem­me i sam­funns­de­bat­ten der vi med fri­mod kan løfte den krist­ne etik­ken.

- Kva med Den nors­ke kyr­kja på lands­ba­sis?

- Vi ten­ker ulikt i kyr­kja om dette. Ein ting er re­ser­va­sjons­de­bat­ten, men i kjøl­vat­net kjem også flei­re tema som abort. Med flei­re i kyr­kja vil eg hevde at abort prin­si­pi­elt sett er gale, men at det kan fin­nast døme der abort er for­ståe­leg.

I lo­kal­sam­fun­net høy­rer ikkje pres­ten noko vondt snakk om re­ser­va­sjons­le­ga­ne.

- Det har vore sak­leg de­batt, men det er berre sunt. Eg trur at somme legar opp­le­ver at det har vore tøft, men sam­ti­dig er dette om­sorgs­ful­le og ro­bus­te folk, seier sokne­pres­ten.

Feministen

- Her kjen­ner folk kvar­and­re. Dei treff fast­le­gen på bu­tik­ken og har tet­ta­re re­la­sjo­nar enn i byen. Det trur eg gjer at mørke­manns­bi­le­tet som blir skapt av mot­stan­da­ra­ne ikkje stem­mer når ein treff folk an­sikt til an­sikt, seier Ellen Hage­man, fe­mi­nist og teo­log.

Den raud­kled­de kvin­na glir lett inn dei raude om­gjev­na­da­ne på Roxy Kaffe­bar på Sønste­bø­tu­net han­dels­sen­ter i sen­trum. Ho kjø­per ein cap­puc­ci­no i raud kopp.

Den heime­ve­ran­de mora er frå nabo­byg­da Gvarv og har en­ga­sjert seg i saka med le­sar­inn­legg i Vårt Land og Klasse­kam­pen.

- Vi kan ikkje snak­ke om re­ser­va­sjons­rett utan å snak­ke om kva abort in­ne­ber. Eg trur det er vik­tig å vere fe­mi­nist og sam­ti­dig snak­ke om at abort er pro­ble­ma­tisk. Det hand­lar om kvin­ner og deira opp­le­ving av at sam­fun­net støt­tar dei når dei kjem i ein vans­ke­leg si­tua­sjon.

Hage­man mei­ner det er vik­tig at fast­le­ga­ne som ønskjer å re­ser­ve­re seg står fram i det gans­ke land og kjem­par for si eiga sak.

- Det hand­lar om deira eige tru­ver­de. Då må dei tole medie­søke­ly­set. Det er pri­sen når dei tek det valet.

Bror og prost

As­geir Sele tråk­kar i kram snø i Bø­gata. Pros­ten er bror til re­ser­va­sjons­lege Dag Sele, som ikkje vil setje ko­par­spi­ral inn i kvin­ner. Det er blitt mørkt og snøen har slut­ta å falle. Pros­ten er ein tra­vel mann, og har vore på dags­tur til Kris­tian­sand.

- Eg opp­le­ver at sam­ta­len i Bø er noko meir prega av re­flek­ter­te hald­nin­gar enn dei meir po­la­ri­ser­te hald­nin­ga­ne du ser i media. Det er litt meir ny­an­sar og meir ned­dem­pa her, seier han.

- Kor­leis på­ver­kar saka bror din?

- Det har vore eit or­dent­leg medie­trykk. Sam­stun­des opp­le­ver eg at han har ein trygg­leik i å stå for det han står for. Han toler å stå i ein storm.

Sele er skep­tisk til å dra inn abort­saka i re­ser­va­sjons­de­bat­ten.

- Eg seier ikkje at abort­de­bat­ten ikkje er vik­tig, men ved å kople han inn her er det fort gjort å ramme sam­vits­fri­do­men som sak i seg sjølv.

- Kor­leis kan ein skil­je abort og re­ser­va­sjon frå kvar­and­re?

- Sam­vits­fri­dom må drøf­tast som prin­si­pi­elt spørs­mål uav­hen­gig av sak. Det kan ikkje vere slik at sam­vits­fri­dom er greitt i nokre saker, som ved å nekte mi­li­tær­te­nes­te, men heilt il­le­gi­timt i andre. Sam­vits­fri­do­men er for vik­tig til å druk­ne i skug­gen av abort­saka, seier pros­ten.

Kvelds­mørk­ret sen­kar seg over Bø sen­trum, medan bygda og fast­le­ga­ne ven­tar på fyl­kes­le­gens dom.

Reservasjonsstrid i Telemark

Ved Bø legesenter er det sju fastlegar, i tillegg til ein turnuslege. To av dei reserverer seg mot innsetjing av spiral og éin reserverer seg mot å vise til abort.

Legesenteret forsvarar praksisen med at dei sidan 2001 har hatt felleslister for fastlegane og at pasientar får time hjå andre legar ved behov.

Bø i Telemark har 5739 innbyggjarar som får legetilbod av Bø legesenter. Legene dekkjer også behova til rundt 1000 pasientar frå nabokommunane.

Det har også vore merksemd rundt ein katolsk lege i Vinje kommune som nektar å gi prevensjon av samvitsgrunnar.

Begge sakene har blitt behandla lokalt etter at Stoltenberg-regjeringa i 2011 sendte ut eit rundskriv om innstramming av reservasjonspraksisen. Det blei konkludert at praksisen ikkje var lovstridig.

I slutten av februar konkluderar fylkeslegen i Telemark i tilsynssakene mot tre fastlegar i Bø, i tillegg til kommuneoverlegen i Bø, Nome og Sauherad.

Samtidig behandlar fylkeslegen også ei tilsynssak mot den katolske legen Gunnar Johnson i nabokommunen Sauherad som reserverer seg mot å skrive ut prevensjon.

Les også
Legereservasjon den vanskeligste saken
Les også
Blått opprør mot reservasjonsrett
Les også
KrF krever nye runder om legereservasjoner
Les også
Jensen regnet med bråk om fastleger
Les også
KrF slår tilbake mot kritikerne i Høyre