FRISKULE PÅ FLYTTEFOT: Hans Nielsen Hauge grunnskule Follo flyttar inn i samfunnshuset Kolben på Kolbotn i Nordre Follo kommune.
Google maps
Kristen skule får ikkje fornya leige – må flytta
Den kristne friskulen Hans Nielsen Hauge grunnskule på Kolbotn må flytta ut av Kolbotn skule, men har no fått mellombelse lokale midt i sentrum. Jakta etter fast opphaldsstad held fram.
Hans Nielsen Hauge Grunnskoler (HNHG) driv to skular: den eine held til i Oslo og den andre på Kolbotn i Nordre Follo i Akershus.
I februar skreiv Verdinytt at skulen i Nordre Follo denne sommaren må flytta ut av dei leigde lokala på Kolbotn skule.
Bakgrunnen for flyttinga er at den mellombelse leigeavtalen med Nordre Follo kommune ikkje vert fornya. Kommunen treng nemleg sjølv lokala på Kolbotn skule til å samla alle innføringsklassane sine på éin stad.