OPPSUMMERER: F.v. nestleiar Olaug Bollestad, fungerande partileiar Dagrun Eriksen, fungerande parlamentarisk leiar Hans Olav Syversen under KrFs halvårlege pressekonferanse.

KrF held døra open for sentrum og Dei Grøne

Kristelig Folkeparti trivst med friarar frå alle kantar. Sjølv satsar dei på idealistiske saker for å nå unge veljargrupper.

Raude taklampar, grøne plante-omgjevnader og fråver av blå himmel til tross: Den fungerande partileiinga i Kristeleg Folkeparti er tilbakehaldne med sine meiningar om kva partifarge samarbeidspartnarar bør ha etter neste stortingsval i 2017.

Medan regnet falt haldt partiet i går sin halvårlege pressekonferanse med oppsummering og framtidsvisjonar, slik det er blitt for vane i politikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagrun Eriksen, fungerande politisk nestleiar, ser heller positivt på at partiet vert fridd til frå dei fleste parti. Seinast denne veka slo Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum fast at han drøymer om Sp, Ap og KrF i regjering saman.

– At såpass mange frir til oss og er opptekne av å ha oss med på prosjekt, gjer at vi kan greie å synleggjere korleis politikken vår faktisk er og knuse nokre myter om kva KrF er, seier Eriksen til Dagen.

Ho synest det er vanskeleg å spå om konstellasjons-høve med Senterpartiet, men understrekar at regjeringsmakta truleg må gå gjennom sentrum også i 2017.

– Då blir Senterpartiet og Venstre viktig, men det blir også viktig å sjå kor Miljøpartiet Dei Grøne plasserer seg i ein slik kontekst.

Meir i pappakvote

Neste veke er det høyringsfrist for programutkastet til komiteen, og Knut Arild Hareide kjem tilbake frå pappapermen. I går var det dermed siste høve for Dagrun Eriksen og Hans Olav Syversen til å ytre seg som fungerande partileiar og parlamentarisk leiar i denne omgang.

Og det nytta dei. Etter å ha skrytt av vårens KrF-seire, slo Syversen fast at han ønskjer seg tilbake til tida med 14 veker med fedrekvote etter barnefødsel. Kvoten vart redusert til 10 veker av Solberg-regjeringar i 2014, noko som har ført til at talet på dagar med pappaperm går ned, ifølge Statistisk sentralbyrå. Nestleiar Olaug Bollestad støtta forslaget.

Eriksen, som også er leiar for programkomiteen som utarbeider nytt partiprogram, tok innspelet til etterretning. Høyringsutspela vil bli behandla til hausten, mellom anna i landsstyremøtet i september, før eit nytt høyringsforslag blir sendt ut i oktober. I mars kjem innstillinga til redaksjonskomiteen til landsmøtet.

Frir til unge

Det er usikkert om den prosessen vil gi svar på kva retning KrF skal gå for å finne seg samarbeidspartnarar. Først og fremst ønskjer partiet svar på innhald - kva saker dei skal prioritere i neste stortingsperiode.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kva ambisjonar har KrF for valet 2017?

– Det er gjennomslag som må være styrande for kva vi søker etter 2017, og då må vi vite kva som er viktigast for oss. Derfor er programprosessen kjempeviktig. Så må vi lage eit bilde på kor vi får mest gjennomslag og korleis det politiske landskapet ser ut, seier Eriksen til Dagen.

Ho peikar på at landskapet skiftar støtt og stadig.

– Det kan godt hende prosessen også viser kven vi skal samarbeide med.

– De har skrapa i grunnfjellet av veljarar lenge. Kva skal til for at KrF vinn valet 2017 og aukar oppslutning?

– Vi er utruleg heldige med å ha ein trufast veljarskare, så jobbar vi iherdig med korleis vi skal nå nye grupper. Førre val begynte vi å stige mellom førstegangsveljarar.

Eriksen peikar på at dei har kjempa for ei ny lov om å merke produkt etter etisk handel og å gjere oljefondet meir etisk.

Ny familiepolitikk

– Dei idealistiske unge veljarane har eit alternativ i KrF, og det må vi jobbe med å synleggjere.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vidare er ho oppteken av å hente tilbake dei mange som stemte på partiet i 1997, då KrF fekk rekordhøge 13,7 prosents oppslutning. I 2013 var dei nede på 5,6 prosent, det nest lågaste sidan andre verdskrig - dei fekk 5,5, prosent i 2009. I 1997 var kontantstøtta den store vinnarsaka, no ønskjer fleire parti å fjerne ordninga.

Programkomiteen i KrF er opptekne av å tenke nytt om familiepolitikken for å nå fleire av veljarane.

– Alt vi gjer på familiepolitikk no er å oppdatere oss etter kva familiar som faktisk finnast, seier ho.

– Er det håp for å nå seks eller sju prosent?

– Ja, eg trur det er potensiale som er høgare enn det vi ligg på no, men det krev ein iherdig innsats.

– De gjorde også ein iherdig innsats ved førre stortingsval og blei kåra til valkampvinnar, men fekk likevel ikkje fleire stemmer. Kan de kome i same situasjon i 2017?

– Når vi klarar status quo, betyr det at vi har klart å få tilgang av nye veljarar, seier Eriksen og peikar på at dei har mange eldre veljarar som fell bort med tida.

Meir folkelege

– De har nokre demografiske utfordringar: basen med aktive bedehusfolk dør på sikt ut, og Kristen-Noreg er delt når det gjeld synet på islam og innvandring. Korleis kan de appellere til heile breidda?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det vil vi ikkje kunne, men vi må synleggjere det kristendemokratiske prosjektet. Vi trur på dei kristne verdiane som gode byggesteinar for samfunnet vårt. Fleire enn dei som definerer seg innanfor ein kristen kontekst må forstå at dette er eit godt prosjekt for samfunnet vårt. Dit trur eg vi er på veg.

Eriksen er glad i medias oppsummering frå tidlegare i vår om at KrF skal bli meir folkeleg og mindre på kristeleg.

– Det handlar om å kunne ta kristne verdiar ut på fleire samfunnsområde, det er den måten vi må tenke på, seier den fungerande partileiaren.

Les også
Sommarinnspurt på Stortinget
Les også
Vi trenger færre kommuner
Les også
Etterlyser taletrengte nordmenn
Les også
Frp snur om støttekutt – igjen
Les også
KrF-toppene vil ha tilbake rødgrønn pappakvote
Les også
Se Støre oppsummere halvåret
Les også
Stortinget snur om støttekutt