HEKTISK: Det er travle tider for stortingsrepresentantane den siste veka i vårsemesteret.

Sommarinnspurt på Stortinget

Stortingspolitikarane har no ei av årets travlaste veker. Verdisaker bankast gjennom på laupande band.

Familie, alkohol og etisk handel var mellom dei 41 sakene Stortinget måtte ta stilling til i går. Førstkomande fredag er siste møtedag i vårsemesteret på Stortinget. Sakene har det med å hope seg opp mot slutten, så representantane har fullt opp med jobb denne veka.

Her er sakene du bør få med deg frå i går:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

• Er varer du kjøper laga av små barn? Har arbeidaren fått god løn? KrF, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet foreslo å merke varer, og fekk fleirtal for å utreie og vurdere å lage lov om etikkinformasjon til forbrukarar og organisasjonar.

• Det opnast for gardssal av drikkar med meir enn 4,7 volumprosent alkohol. Stortingsfleirtalet ser ikkje dette som nokon utfordring for folkehelsa, og forsikrar at Vinmonopolets stilling ikke blir svekka.

• Internatskulane blei redda i samband med revidert nasjonalbudsjett nyleg, så KrFs representasjonsforslag om å gi momskompensasjon til skulane vart lagt til protokollen - eit fint omgrep for å ikkje få fleirtal for forslaget.

• Både Integreringsmeldinga og asylinnstrammingane levert av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug ( Frp) gjekk gjennom andre gangs behandling.

• Familiemeldinga frå regjeringa gjekk gjennom med ei rekke merknadar og eit mindretalsforslag frå KrF om å lovfeste førebyggande arbeid i familievernstenesta. I tillegg kom ei rekke lause forslag frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Konfliktførebygging står sentralt i familiemeldinga.

• Grunna familiemeldinga var KrFs representantforslag med elleve tiltak til familiepolitikken vedlagt protokollen.

Komande saker

Resten av veka er mellom anna desse sakene på programmet:

• I dag ratifiserer Stortinget klimaavtalen frå Paris.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

• SVs forslag om å gå gjennom finansieringa av private skular og høgskular blir lagt på is.

• I morgon innfører stortingsfleirtalet ei fråversgrense i vidaregåande skule. SV fekk først fleirtalet med seg på å fjerne grensa, men Ap har snudd i saka og gir regjeringa fleirtal.

• Aps forslag om å innføre ein times fysisk aktivitet i skulen blir nedstemt.

• Onsdag går kommuneproposisjonen gjennom.

• Torsdag blir det truleg fleirtal for Venstres forslag for kvinner på flukt. Det er fleirtal for ti tiltak, som å følgje opp flyktningkvinner som har opplevd vald i heimlandet eller under flukta.

• SVs forslag om å sikre integrering går delvis gjennom.

• Fredag kjem revidert nasjonalbudsjett, samt forslag om å endre regelverket for å kjempe mot bruk av skatteparadis.

Dette er også tida der partitoppane heldt sine halvårlege oppsummeringar for pressa. KrF har møte onsdag, Arbeidarpartiet torsdag, medan SV og statsministeren møter pressa kvar sine dagar neste veke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Stortingsrepresentantane har lang «ferie» no, fram til Stortinget møtast att i starten av oktober.

Les også
Velgerne gir regjeringen godkjent
Les også
Statsstøtte til trossamfunn
Les også
Protest mot regjeringens asylforslag for mindreårige
Les også
Ny etikklov kan gi mer åpenhet om klesproduksjon
Les også
Lysbakken freder konservative kristne