JUKS: Jan Rudy Kristensen meiner Kristelig Fagforening (Krifa) liknar meir på eit forsikringsselskap enn ei fagforeining, og at det ikkje fins noko alternativ til streik.
Foto: Dagen-arkiv
Kallar Krifa for «jukse-fagforeining»
Leiaren av Kristne Arbeidere i LO meiner Kristelig Fagforening ikkje kan kalle seg ei skikkeleg fagforeining. Han meiner Krifa juksar seg til medlemer.
I går skreiv Dagen om Kristelig Fagforening (Krifa) som ikkje vil ta i bruk streik som verkemiddel. Leiaren i Krifa, Marius Hammer, uttalte at streik er eit utdatert kampmiddel fordi det rammar både arbeidsgivar, arbeidstakar og uskuldig tredjepart.
Jan Rudy Kristensen, leiar av Kristne Arbeidere i LO, reagerer sterkt på Krifa sine haldningar til streik, og meiner dei juksar seg til medlemer ved å kalle seg ei fagforeining.
- Eg har aldri møtt ei fagforeining som heiter Krifa nokon annan stad enn på nettet. Dei kallar seg fagforeining, men det er jo litt juks, seier Kristensen.
Liknar eit forsikringsselskap
Kristensen er sjølv aktiv i Fagforbundet, der han for tida jobbar som spesialrådgjevar. Kristne Arbeidere, som Kristensen er leiar for, er ein sjølvstendig organisasjon innanfor arbeidarrørsla med cirka 400 medlemer. Kristensen er oppgitt over Krifa sine haldningar til streik og sett spørsmålsteikn ved om Krifa i det heile tatt kan kalle seg fagforeining.
- Dei kunne like gjerne vore eit forsikringsselskap, for i realiteten er det dei liknar på. Det å kalle seg ei fagforeining viss ein ikkje er det, er veldig uetisk. Særleg viss ein set ordet «kristeleg» framføre. Dei lurar jo pengane frå folk ved å late som dei er ei fagforeining, seier Kristensen.
Han peikar på at Krifa manglar eit slikt organisasjonsdemokrati som ein finn i dei tradisjonelle fagforeiningene i LO, og at Krifa ikkje nyttar streik som verkemiddel.
LES OGSÅ:
Nå kan prestene streike - Kan godt jobbe gratis når prestene streiker Denne fagforeininga streiker aldri