KONVERTITTAR: Mitra og Madi frå Iran har budd i Noreg i 20 år. No er dei redde for å bli kasta ut.
Helene Reite Uglem
Skjebnedagar for kristne konvertittar:
Retten avgjer om dei får bli i Norge
Forfølginga av kristne intensiverast i Iran. Denne veka er eit kristent ektepar i 60-åra i lagmannsretten, der framtida deira blir bestemt.
I 20 år har Mohammed Zafarnejad (Madi) og Mitra Mohadjer Iravani kjempa om å få bli buande i Noreg.
Denne veka er Madi og Mitra i Borgarting lagmannsrett. Her skal det avgjerast om dei kan halde fram med kvardagen i huset sitt på Jæren, eller om dei blir sende tilbake til landet dei flykta frå for 25 år sidan.
Konverterte