SJØ:Myrthel og Råger Emblem reiste til Shetland for å hente heim sonen Ronny, død eller levande. Det einaste dei fekk med var eit glas med sjøvatn, sand og ein stein som symboliserer båten på havsens botn.
– Bourbon Dolphin må opp
– Båten bør hevast for å få klarlagt 100 prosent kva som hende så aldri noko sånt kan skje igjen. Det seier Myrthel og Råger Emblem som miste son sin.
Utanfor Shetland kantra «Bourbon Dolphin» den 12. april 2007, og sokk ned på 1.100 meters djup nokre dagar seinare.
– Det er så mange spørsmål som ikkje har fått svar. Å gå vidare i livet før ein har gjort alt ein kan for å finne ut av dette, det trur vi ikkje nokon av oss klarer å leve med, seier Myrthel og Råger, som fortalde om sine tragiske opplevingar i Velsignet Helgs nyttårsnummer.
Hadde håpet lenge
Så lenge båten flaut, klamra dei seg til håpet om at Ronny (25) kunne leve, dersom det var ei luftlomme inne i båten.
– Då båten sokk, kom dei forferdelege tankane. Levde han då skipet gjekk ned? Var han åleine der då? Korleis var dei siste minutta hans? Dette er tankar som vi aldri vil få svar på, seier foreldra.
Dei håpar likevel at sonen kan verte funnen, slik at dei får ei grav å gå til ved sida av grava til systera, Tonje, som døydde i ei bilulukke i 2000. I dag står det ein kvit kross framfor gravsteinen hennar.
Alle ville ha svar
– Då vi starta støttegruppa for «Bourdon Dolphin»-pårørande var det 110 prosents oppslutnad om at vi ikkje ville gje oss før vi hadde funne ut sikkert kva som hende. Det har vore ein knalltøff jobb frå starten av, seier Råger.
Han fortel at dei valde å følgje høyringane i samband med den offentlege granskinga.
– Då fekk vi eit nytt sjokk å slåst mot: At oljeselskap og reiarlag med fleire, sat der med masse advokatar. Vi vart vist til å sitje på bakarste benk, og har sidan vore kasteballar i systemet.
Dyrt å få advokat
Råger fortel at støttegruppa fekk avslag på avslag då dei søkte det offentlege om midlar til å hyre ein advokat som kunne ivareta rettstryggleiken for dei døde. Dei andre kunne seie kva dei ville om dei døde, så lenge det var ingen som tok dei i forsvar.
– Då det endeleg kom svar frå styresmaktene, fekk vi 200.000 kroner frå den norske stat. Dette er alt vi har fått derifrå hittil, og det ser vi som ei skam og eit hån mot dei pårørande og dei døde.
– Det er svært tungt å måtte bruke sine eigne private midlar for å slåst mot pengemakta. Du får ikkje sørgje slik du skal, fordi du heile tida må slåst mot det offentlege. Det er ein vond prosess og gjer situasjonen ekstra vanskeleg.
Ventar på gransking
Råger og Myrthel fortel at reiarlaget, verksemder og privatpersonar har gjeve midlar til støttegruppa. Og på Herøy Nytt si nettside står det fast ei annonse for støttegruppa.
Ekteparet synest at granskingskommisjonen har gjort ein kjempejobb.
– Når konklusjonen frå kommisjonen kjem, kan vi kanskje få sørgje som vi skal, seier Myrthel og Råger Emblem.