FEIRAR: Bergen kristne bokhandel feirar tiårsjubileum denne veka. Her dagleg leiar Nadja Elisabeth Brennsæter.
Kai Flatekvål
Bokhandel gjer suksess med éin løna og 15 frivillige
Denne veka strøymer både kristne og ikkje-kristne til Bergen kristne bokhandel, som feirar ti år med lojal, frivillig innsats i ein økonomisk utfordrande bransje.
Gode tilbod og vitjing frå profilerte forfattarar er nokre av smakebitane som møter kundane som stikk innom bokhandelen den inneverande jubileumsveka.
Forfattarane Sara Lepsøe, Haldis Reigstad, Egil Morland, Marit Andresen Røen og Marit Vedeld Linnekleiv er blant dei som er til stades i laupet av veka for å signera bøker.
Idet Dagen er innom onsdag, står Haldis Reigstad klar med diktbøkene sine. Ho vert rekna som ein av Noregs mestseljande lyrikarar.