Lise Åserud, NTB Scanpix
Ber Solberg gripe inn i barnevernssak
Over hundre juristar frå fleire land ber statsminister Erna Solberg sørgje for at foreldra i massivt omtalt barnevernssak får tilbake fire born.
I eit brev til den norske statsministeren hevdar juristane at religionsfridomen og foreldreretten til det rumensk-norske ekteparet vart krenka då barnevernet i november i fjor henta dei fem borna deira ved akuttvedtak. Familien er pinsevener.
LES: Global D-dag mot norsk barnevern
«Vi har gjort oss kjende med fakta i saka og er djupt uroa over at overtakinga av borna var motivert av den kristne trua til familien. Barnevernets eigne dokument vitnar om det faktum at familiens tru og kristne verdiar stod sentralt i i samtalane til dei offentleg tilsette då dei diskuterte overtakinga av borna», skriv advokatane.