Viktig signal frå Rådsmøtet i Misjonssambandet

Spørsmålet om bibelsyn gjeld fundamentet for arbeidet og innhaldet i forkynninga. Det er dette NLM står og fell med, som alt anna kristent arbeid gjer det.

Den saka som har fått mest merksemd i media både før og etter Rådsmøtet i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), er framlegget om å oppretta eit trussamfunn i miniutgåve. Dette gjekk Rådsmøtet inn for, men det var ikkje den viktigaste saka. Det var den andre store hovudsaka, spørsmålet om bibelsynet, og den utsegna møtet vedtok om det. Saka om kyrkjesamfunn er eit ordningsspørsmål som ikkje er uviktig, men spørsmålet om bibelsyn gjeld fundamentet for arbeidet og innhaldet i forkynninga. Det er dette NLM står og fell med, som alt anna kristent arbeid gjer det.

Les utspillet fra NLMs rådsmøte HER

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje første gongen NLM drøfter bibelsynspørsmålet, og det er heller ikkje første gongen organisasjonen sender ut rettleiing om denne saka. Slik sett er det rimeleg klart kva organisasjonen historisk har stått for, og kor NLM bibelsynsmessig er plassert i dag. Like fullt var det viktig at spørsmålet vart grundig drøfta, og at det vart gjeve eit tydeleg signal om kor organisasjonen står. Som kjent har det dei to siste åra vore ein omfattande debatt om bibelsynet, knytt både til NLA og MF – på delvis ulike nivå.

LES OGSÅ: – Vi er ikke lenger et bolverk mot liberal utvikling

I ein slik situasjon er det nødvendig med ein ny gjennomgang av eigen ståstad og ei konsolidering av sin posisjon. Då er det ikkje nok berre å repetera gamle standpunkt, parolar og vedtak. Ein må inkludera det som er oppe til debatt og eventuelle nye synspunkt i sine drøftingar og vedtak, slik at ein ut frå ein tydeleg basis kan svara på dei aktuelle spørsmåla. Her har vi eit godt førebilete i dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene. Deira hovudoppgåve var å meisla ut kva Bibelen seier om at Gud er éin og treeinig, særleg det som gjeld Jesu to naturar som sann Gud og sant menneske. Då det viste seg at dei første formuleringane kunne tolkast ulikt, og det kom opp nye vranglærdomar, presisert ein vedkjenningsformulara slik at dei som lærte vrangt, måtte seia seg usamde. Eit slikt presiseringsarbeid for å ekskludera det ubibelske var avgjerande for kyrkja si historie, og no bør vi tenkja på same måten i bibelsynsspørsmålet.

LES OGSÅ: Drøfter bibelsyn og trossamfunn i NLM

Tradisjonelt har det vore nok å seia at Bibelen er fullt truverdig og påliteleg, gjerne med ei tilføying om at det gjeld både GT og NT. Når det no har oppstått ein debatt om historisiteten i GT, er det viktig å inkludera denne i dette. Det har NLM gjort ved å seia det også «gjelder det gamle testamentets omtale av historiske hendelser». Når ein no vil dra inn erfaring og naturvitskap som openberringskjelder for teologien, er det viktig å løfta fram at det er berre Bibelen som har slik openberringsstatus, og at denne er avslutta. Slik kunne vi ha aktualisert bibelsynet på fleire område, og Rådsmøtet i NLM gjer det i spørsmåla om bibeltolking og Bibelens einskap og autoritet. Det er grunn til å vera takksame for dei signala bibelsynsutsegna gjev – og vona at ho vert brukt aktivt.

Les også
Vi kan stole på Bibelen
Les også
Trossamfunn og misjon i NLM
Les også
Drøfter bibelsyn og trossamfunn i NLMNLMs rådsmøte
Les også
Endringene er godt dokumentertMFs utvikling
Les også
Svekket konservativ front