Debatt
VAKSINE: Teorien er at Microsoft og Bill Gates har søkt patent med nummer 060606 for å kunne injisere vaksine med ein microchip inn i kroppen, skriv Iver-O. Grimstad. Biletet er frå massevaksinering på Holtet vidaregåande skule i Oslo.
Heiko Junge / NTB
Vaksinen og den vonde verdsherskaren?
«Kom og set deg inn i bilen, så kan vi prate meir!»
Ein kjenning opna passasjersida i sin gamle, lekre bil utanfor butikken, og så snart eg hadde sett meg, fekk eg utlevert ei mengde argument for ikkje å ta vaksinen (mot Covid-19, red. mrk.).
Eg hadde sett at han hadde vore i lesardebatt i lokalavisa om vaksine. Eg var skeptisk, men samtidig litt nysgjerrig på å høyre kva argument han hadde samla.