Utviklar teknikk, avviklar etikk

Eit samfunn som ukritisk dyrkar vinnarane, vert ikkje varmt og inkluderande.

Over halv­par­ten av den nors­ke be­folk­nin­ga ønskjer å inn­føre blod­prø­va som før tolv­te veke i svan­ger­ska­pet kan for­tel­je om eit foster har Downs syn­drom. Det viser ei un­der­sø­king In­Fact har gjort for Dagen, og som vi pre­sen­ter­te i går.

Tenden­sen til at unge er mest li­be­ra­le i dette spørs­må­let, er uro­vek­kjan­de.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den førs­te lær­dom­men av un­der­sø­kin­ga er at fryk­ta for sor­te­rings­sam­fun­net ikkje er grunn­laus.

Fryk­ter sor­te­ring av fost­re

Ei ri­van­de tek­no­lo­gisk ut­vik­ling stil­ler oss over­for sta­dig flei­re etis­ke di­lem­ma på det medi­sins­ke fel­tet. Uni­ver­si­tets­syke­hu­set i Tromsø har søkt Helse­di­rek­to­ra­tet om å få ta i bruk den så­kal­la NIDP-blod­prø­va. Denne kan av­dek­kje om fos­te­ret har Downs syn­drom og andre kro­mo­som­av­vik, men også ei rek­kje gen­etis­ke ei­gen­ska­par som kjønn og hår­far­ge.

Når sta­dig nye dører opnar seg, er det vik­tig å re­flek­te­re grun­dig over kva for nokre det er klokt å gå inn gjen­nom. Dess­ver­re ser det mot­set­te i stor grad ut til å skje: Tek­nik­ken eks­pan­de­rer medan etik­ken de­ge­ne­re­rer.

Sam­stun­des som fleir­ta­let av dei spur­de vil til­la­te den nemn­de blod­prø­va, er det eit mindre­tal som mei­ner at for­eld­re bør få vite kjøn­net til fos­te­ret. Dette vit­nar om ei in­kon­se­kvent hald­ning til dis­kri­mi­ne­ring som er nokså ut­breidd. Like­stil­ling på bak­grunn av kjønn er ty­de­leg­vis vik­ti­ga­re enn like­stil­ling på bak­grunn av helse. Dette er dra­ma­tisk. Sam­fun­net har plas­sert seg på ein far­leg glide­ska­la når men­neske­ver­det ikkje er ab­so­lutt frå bar­net vert unn­fan­ga.

Pro­fes­sor Rei­dun Førde ved Sen­ter for medi­sinsk etikk ved Uni­ver­si­te­tet i Oslo fryk­tar eit sam­funn som har stør­re krav til per­fek­sjon og mind­re evne til å ta det uven­ta og det som ikkje kan be­hand­last. Ho mei­ner dei yngre er meir prega av eit li­be­ralt syn på bruk av medi­sinsk etisk tek­no­lo­gi. Jakta på avvik og ri­si­ko er ein stør­re del av den ge­ne­ra­sjo­nens tanke­gang, re­gist­re­rer Førde.

Det er lett å seie seg samd. Eit sam­funn som ukri­tisk dyr­kar vin­na­ra­ne, vert ikkje varmt og in­klu­de­ran­de. Tvert om ska­per det ei na­gan­de uro for kven som er dei neste som skal sjal­tast ut. Etter kvart som pres­set på vel­ferds­sta­ten aukar, ikkje minst i helse­ve­se­net, kan dette pres­set verte endå meir akutt. Desto vik­ti­ga­re er det å ha ro­bus­te, prin­si­pi­el­le hald­nin­gar. Den tek­no­lo­gis­ke ut­vik­lin­ga kan vi ikkje stop­pe, men vi kan sti­mu­le­re den etis­ke re­flek­sjo­nen og styr­ke an­svars­kjens­la.

Ut­vik­lin­ga er ei ty­de­leg ut­ford­ring til krist­ne fag­folk og ten­kja­rar. Det gjeld å en­ga­sje­re seg og ta ty­de­le­ge og godt for­ank­ra stand­punkt. Det kan vere freis­tan­de å gi opp fordi ein ikkje vert lytta til, men i livs­vik­ti­ge kan ein ikkje teie. Og same kor få som høy­rer etter, er det vik­tig å seie det som er rett slik at folk i det mins­te vert kjen­de med mot­føre­stil­lin­gar. Tren­den kan også snu. Den dans­ke pres­ten og sam­funns­de­bat­tan­ten Asger Bauns­bak Jen­sen spår at be­folk­nin­ga dei ko­man­de åra vil vere glade for at det finst nokre som står fast på eit mo­ralsk grunn­lag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Vi har ein ge­ne­ra­sjon av unge som har fått heilt frie tøy­lar og der­for skal skape si eiga hald­ning til li­vets store spørs­mål, seier han til nett­sta­den etik.dk. Då mei­ner han det er vik­tig med nokre som dreg gren­ser som dei unge må re­flek­te­re over.

Fram mot stor­tings­va­let er det vik­tig at po­li­ti­ka­ra­ne vert ut­ford­ra i desse spørs­må­la. Her skal det ta­kast vik­ti­ge veg­val som har store kon­se­kven­sar for oss alle.

Les også
- Dette er forbrukersamfunnetBlodprøvenFosterdiagnostikk
Les også
Etterlyser Human-Etisk Forbund i verdidebatterDowns-testen
Les også
Humanist refser Høyre for å styres av feministerBlodprøve-debatten
Les også
Flertall vil avdekke Downs syndromFosterdiagnostikk
Les også
Gikk til rettssak etter å ha fått barn med DownsDowns-debatt
Les også
Frykter Downs blir utryddet i NorgeFosterdiagnostikk
Les også
Frykter sortering av fostre