GUDSTENESTE: Pandemien har gjort det endå klarare for oss kva vi reknar som viktig. Å feira påske eller pinse eller ei vanleg søndagsgudsteneste er politisk hamna i same kategori som bingo, skriv Johannes Morken. Biletet er frå ei utandørs gudsteneste julaften.

Utepilsen og trusfridomen

I det som samfunnet som opnar seg etter pandemien, er det tydeleg at utepilsen trumfar ei rad andre verdiar. Det er no vi skal reflektera over dette verdivalet.

Laurdag tok vi ein sykkeltur frå Lørenskog like utanfor Oslo og nedover Grorud-dalen. Vi enda på Sørenga i Oslo, ein ny bydel ved fjorden , med utservering og strand.

I solsteiken var det stappfullt av folk ned mot sjøen. Det var ikkje vår jobb å bruka meterstokk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi kjøpte is, sette oss på ein fredeleg betongkant unna folkemengda og sykla deretter heim.

Søndag gjekk vi til gudsteneste i Fjellhamar kyrkje heime på Lørenskog. Der var det påmelding og maksimalt 20 personar på kvar av dei to gudstenestene. Utandørs.

Det var flott å møtast igjen, for første gong sidan vi trampa for å halda varmen i 15 kuldegrader i februar.

Polkøen som trumfa

Vi gløymer ikkje februar. Det var den gongen då restriksjonane blei skrudde til igjen. Kyrkjene vart verande stengde.

Men i panikk opna regjeringa pola igjen etter å ha sett køane i Sandvika i Bærum.

Paradoksa står i kø. Trusfridomen er garantert i internasjonale konvensjonar, også retten til å utøva den.

Fridomen til å gå på polet eller samla seg om utepilsen er ikkje det.

Men i politiske prioriteringar er det stikk motsett. Folks behov for samlingsstader for åndelege og sjelelege behov har ikkje hatt gjennomslagskraft.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Folks behov for samlingsstader for åndelege og sjelelege behov har ikkje hatt gjennomslagskraft.
Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen

Det viste seg verkeleg då det tok månader å få regjeringa til å gå bort frå den «fastmonterte stolleiken» - altså kravet til fastmonterte sete for å ha fleire enn ti deltakarar.

Som tilsett i Stefanusalliansen meiner eg ingenting om verken polkø eller utepils. Men eg meiner mykje om vilkåra for trusfridom.

Den er garantert i Konvensjonen om sivile og politiske rettar, artikkel 18.

Ikkje til å forstå

Det er etter denne konvensjonen legitimt å stramma inn også på samlingar i gudshus når dette kan grunngjevast i å sikra folkehelsa, slik det har vore under pandemien.

Men det vert stilt strenge krav til restriksjonane.

Det er difor ikkje til å forstå at retten til å gå på polet og ta utepilsen politisk er blitt høgt heva over retten til å gå til gudsteneste.

Det finst vel ikkje smittefaglege grunnar for å forby utegudstenester med meir enn 20 personar, medan vilkåret i Lørenskog og nabokommunane for uteservering er at har du stolar nok, har du plass til alle som vil.

Men dette er reglane. No fortel lokalavisa at det på ei uteservering kom «vel mange». Utanfor kyrkja var vi innanfor grensa, sjølv om asfaltplassen hadde romma langt fleire.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som er viktig

Pandemien har gjort det endå klarare for oss kva vi reknar som viktig. Å feira påske eller pinse eller ei vanleg søndagsgudsteneste er politisk hamna i same kategori som bingo.

Ikkje eit vondt ord om bingoen. Ikkje om idretten heller – som har same krav om truslivet.

Vi i Stefanusalliansen har i skarpe ordelag kritisert regime som medvete har brukt pandemien for å innskrenka trusfridomen, for å få kontroll med grupper dei ønskjer kontroll med.

Dei er det mange av. Kina er berre eitt av landa. Andre har medvete diskriminert religiøse minoritetar.

Våre styrande er ikkje autoritære i sinnelaget sitt. Dei har ikkje stengt kyrkjer for å kontrollera trusfridomen. Men vi kan ikkje av den grunn lata som alt er vel.

Det vi kunne ha forventa var at ikkje minst regjeringa var langt meir bevisst på kva krav dei styrande er underlagde når utøving av trusfridomen vert innskrenka for å sikra folkehelsa.

Eg har ikkje sett dette. Å overlata dette til kommunane, er for lettvint.

Flasketuten peikar tilbake

På den andre sida: Politikarane prioriterer vel når det kjem til stykket det som folket set aller høgast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når skarar står i polkø ein vinterlaurdag, eller postar foto av seg med utepils på Facebook ein varm dag i mai, er det dei djupe verdiane i folkedjupet som kjem til overflata.

Kanskje peikar flasketuten tilbake på kyrkjefolket, vi som ikkje kan «mobilisera« lange køar som viser kor viktig samlinga rundt nattverdbordet er.

Kanskje har vi gjort vårt til at denne arven og denne menneskeretten ikkje er relevant i samfunnet.

På den andre sida er sjeleleg naud og åndelege behov ikkje så synlege i eit menneskesinn. Det har styresmaktene plikt til å sjå.

Når det er krise, må tiltaka avgjerast raskt. Men nettopp med tanke på store kriser og stort hastverk, må det liggja ein prinsipiell beredskap i botnen.

Beredskapen må naturlegvis handla om smittevern og respiratorar, men også om å evne til – i hastverk og krise – å sikra menneskerettar, også trusfridomen.

Dei mest paniske køane må ikkje utan vidare styra prinsipielle prioriteringar.

Denne beredskapen må norske styresmakter arbeida mykje meir grundig med slik at dei er mykje betre førebudde til neste pandemi.