Debatt
INGA OPPSKRIFT: Bibelen gir i svært liten grad oppskrift på korleis underordning og hovud skal utøvast, men viser altså til kyrkjelyden og Kristus, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
Underordning – kone og kyrkje
I det siste har det gått ein debatt om underordning, også mellom folk som er teologisk konservative. Debatten er på mange måtar forvirrande, både fordi ein synest å argumentera ut frå ei sjølvkonstruert oppfatning av kva underordning inneber og fordi ein isolerer det til å gjelda kvinner.
Skal eg underordna meg berre fordi eg er kvinne, vert det gjerne spurt. Svaret på det er nei. Det er eit ord til koner, ikkje til kvinner generelt. Dessutan er ikkje poenget kjønn, men ei Guds ordning som særleg gjeld forholdet mellom kyrkja og Kristus, men som også gjeld i den treeinige Gud.
Når ein avviser eller problematiserer underordning, eller seier ein ikkje får til å underordna seg, har ein ikkje berre sagt noko om seg sjølv eller om forholdet mellom mann og kone i ekteskapet, men ein har primært sagt noko om forholdet mellom kyrkja og Kristus. Det er altså nokså dramatisk og omfattande når ein argumenterer på denne måten, fordi då angrip ein forholdet mellom kyrkja og Kristus.