Debatt
DEI TI BOD: Når Den heilage ande får gjera boda levande for eit menneske, vert det eit rop etter frelse, skriv Øyvind Vevle.
Tarjei Gilje
Treng me ikkje dei ti boda?
I Dagen for 18. juli har pastor Stein Sørensen ein artikkel med tittelen «Hvilket fjell velger du?» (Artikkelen var ein tale på sommarstemnet i Sarons Dal). Det er ei klår understreking av at det er berre evangeliet som frelser oss, og det skal forkynnast ut frå Golgata. Lova frelser ingen, ho dømer oss.
Dette var og tema på apostelmøtet i Jerusalem i år 49 (Apg 15). Eit hovudpunkt var omskjeringa. Men vart dei ti boda sette til side? Paulus skriv i 1 Kor 7,19: «Det som har noko å seia, er ikkje om ein er omskoren eller uomskoren, men at ein held Guds bod.»
Eg sit med eit inntrykk av at det er noko som manglar i artikkelen til Sørensen. Har me ikkje bruk for dei ti boda? Han nemner eit døme på ei dame som vart overraska over at ein talarstol på eit bedehus var dekorert med dei ti boda. Me veit at Jesus held fram boda både for ein ung mann som spurde kva han skulle gjera for å vinna evig liv, og for ein lovkunnig som ville freista han. Jesus avlyste ikkje lova. Me kan vel tolka det slik at begge dei to nemnde fekk noko å prøva seg på.