Debatt
VINGARDEN: No er det oss – vi som lever no og trur og høyrer Guds ord – som er kalla til å gå til vingarden, skriv Svein Marius Myklebust
Adobe Stock
Teolog meiner kristne ikkje kan byggje Guds rike
I eit intervju om søndagens tekst publisert 1. september hevdar teologen Knut Tveitereid at «kristne ikkje kan gjere noko for å ta ned himmelriket til jorda». «Det er nemleg Guds, og ikkje menneske si oppgåve å byggje Guds rike.»
Aller først vil eg takke Dagen for at de gjennom spalta «Snart søndag» set ein Bibeltekst på dagsorden ved å utfordre nokon til å tenkje høgt om tydinga.
Dernest vil eg takke Knut Tveitereid for den tenesta han står i som ein Ordets forvaltar og forkynnar.