Debatt
MINNETALE: I sin minnetale for biskop Desmond Tutu (bilde) kom statsminister Jonas Gahr Støre i skade for å uttrykka seg på ein måte som støttar antisemittismen, sjølv om han heilt sikkert ikkje meinte å gjera det, skriv Johannes Kleppa.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Støre og tann for tann
I sin minnetale for biskop Desmond Tutu kom statsminister Jonas Gahr Støre i skade for å uttrykka seg på ein måte som støttar antisemittismen, sjølv om han heilt sikkert ikkje meinte å gjera det. Det han sa, er det likevel svært nyttig å reflektera over og ta lærdom av. Støre sa berre det svært mange tenkjer og trur.
Støre snakka om «kontrasten» mellom hemntanken i GT og tilgjeving og forsoning i NT, og framheva at Tutu praktiserte det siste, og var med det eit førebilete for oss. Som belegg for hemntanken i GT viste han til uttrykk «auga for auga og tann og tann».
Med det gav han uttrykk for ei svært utbreidd misoppfatning av dette uttrykket, og med eit misbruk av det. Denne mistydinga og misbruken har vore sentral i antisemittismen og nærer opp om denne. Støre sin framferd viser at vi alle kan koma til å gå i teneste for antisemittismen utan å vera klar over det, og mot vår vilje.