HALLESBY: På bildet ser vi den omtalte bysten av Ole Hallesby på MF.

Sto Hallesby for fascisme og antisemittisme?

Det hender ikkje så sjeldan at debattar kjem skeivt ut. Det har også dette ordskiftet gjort.

Utgangspunktet var det noko underlege intervjuet med deg (Vidar Haanes, red. anm.) som vart publisert på nett i Vårt Land fredag 11. juni (i papiravisa den 12.).

I oppslaget framsto grunnane til den påtenkte omplasseringa av Hallesby-bysten som tvetydige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

BRINGELAND: Hans M. Bringeland er førsteamanuensis dr. philos ved NLA Høgskolen.

Eg reagerte i denne samanhengen framfor alt på karakteristikkane av Hallesbys etiske og politiske synspunkt på 30-talet som her vert tillagde deg, med tilvising til ein tidsskriftartikkel av Arvid Nærø:

«Der blir det påpekt at Hallesbys holdninger i førkrigstiden var delvis fascistiske, og at han var knyttet til kritikkløs antisemittisme.»

Både Nærøs kjeldebruk, hans form for mistanke-hermeneutikk og hans vilkårlege preging og bruk av nøkkelomgrepa rasisme, antisemittisme, fascisme og nazisme (endå meir tilspissa i ein kronikk i Klassekampen 4. mai) gjorde at eg fann det nødvendig å ta til motmæle mot hans Hallesby-teikning (i same avisa 10. mai).

Eg kjenner deg som ein kompetent kyrkjehistorikar. Difor var det med undring eg las i intervjuet at du synest å slutta deg til Nærøs karakteristikkar.

Fylgjeleg venta eg på ei oppklåring frå di side. Men då det var gått ei veke, såg eg meg nøydd til ta pennen fatt, i den tru at formuleringane verkeleg uttrykte synet ditt.

I innlegget ditt i Dagen 24. juni kjem det fram at du utan hell prøvde å endra VL-oppslaget før det gjekk i trykken. Pressa sin agenda kan overkøyra både sanning og rettferd.

I ei ideell verd burde det vera slik at den som har valda skaden, gjer denne godt igjen. Men manglande innsikt eller vond vilje gjer at det i medieverda – som i kvardagsverda – ofte går annleis til.

Difor er det den som vert vist til som heimelsperson eller som sit inne med nøkkelinformasjon, som i slike høve må rykkja ut og korrigera. Endå om du i dette tilfellet ser heile «saken» som VL-konstruert, var det berre du som kunne oppklåra henne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Du kjem i innlegget med ei viss avklåring. Dette gjeld særleg kontakten din med VL og koplinga til Gyrid Gunnes.

I det heile stiller innlegget spørsmålet om flyttinga av bysten i eit nytt ljos. Du stadfester at planane «først og fremst» skuldast praktiske omsyn.

Og me vert roa med at gjennom ei plassering av bysten i «Hallesby-rommet» i kjellaren ville Hallesby så å seia venda tilbake til sitt eige bibliotek.

Problemet er berre at det ikkje er sjølve bysteflyttinga som er det avgjerande i saka, men grunngjevinga for ei slik omplassering. Her har du framleis ikkje gitt noko tydeleg svar.

Eg registrerer at du står ved at du (i samtalen med Gunnes) uttrykte at «Hallesbys etiske og politiske synspunkter i mellomkrigstiden for så vidt var en bedre grunn» (enn helvetesdebatten) for å fjerna bysten.

Som grunnlag for dette viser du igjen til Nærøs artikkel. Meir seier du ikkje til sakspørsmålet. Difor står det framleis ope korleis di vurdering av desse alvorlege klagemåla mot Hallesby er:

Finn du ut frå di faglege vurdering å kunna slutta deg til dei? Eller nemner du dette berre som ein eventualitet?

Når no slike påstandar med deg som heimelsmann verserer i det offentlege rommet, er det også her – og ikkje i ein eventuell privat telefonsamtale – dei lyt avsannast eller stadfestast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I det du skriv, tillegg du meg ein iver «for å forklare og forsvare Ole Hallesbys anti-jødiske fordommer». Ein slik iver kan eg verken som forskar eller person vedkjenna meg, noko som burde gå tydeleg fram av kronikken eg skreiv.

Mi vurdering av Nærøs argumentasjon og hans påstandar har fagleg basis både i omfattande forsking i tysk kyrkje- og teologihistorie i fyrste helvta av det førre hundreåret og i kritisk gransking av Hallesbys etikk og teologi.

Du kjem òg med andre innspel i innlegget ditt, dels slike som eg ikkje kan sjå relevansen av (Leiv Aalens syn på nazismen og Johannes Laviks reaksjon), dels slike som gjeld Hallesbys person (at han ikkje alltid var grei med kollegaer og andre, at han ikkje utan vidare vart oppfatta som representativ for MF, at fakultetet ikkje var hans eigentlege hjartebarn og – implisitt – at han vitskapleg sett ikkje var på nivå med John Nome).

Somt av dette siste kan godt stemma, utan at eg finn grunn til å gå inn på det i denne samanhengen.

La oss ikkje gjera dette til ei tevling i fagleg kompetanse eller institusjonelt omdømme. Det som står til diskusjon, er i fyrste omgang eit spesifikt fagspørsmål.

Men i og med at dette er kopla til ein person som står sentralt i vår nære historie, har spørsmålet dimensjonar også ut over det historiske.

Og grunna sin posisjon i norsk teologi og kyrkjeliv lyt MF finna seg i at høgskulens liv og lagnad vekkjer engasjement, ikkje minst mellom oss som har fått vår utdanning der.