Debatt
SAKSORDFØRAR: Kamzy Gunaratnam (Ap) er saksordførar for den nye abortlova.
Terje Pedersen / NTB
Sosial kontroll og morbestemt abort
I alle land til alle tider har ein sett på sosial kontroll som naturleg og nødvendig for å unngå kaos i menneskeleg omgang.
Berre ikkje i vårt ekstremt individualistiske Vesten dei siste tiåra. Her har nokon greidd å klebe eit dubiøst rykte på fenomenet, og med tillegget «negativ» er det fy fy!
Og kven definerer «negativ»? Han med sterk ideologi eller ho som får innskrenka fridom ved kontrollen! Svært subjektivt i begge tilfelle.