Debatt
KATOLIKKAR: Dagen-spaltene har i det siste hatt fleire ytringar om katolikkar er kristne, skriv Ottar Mikael Myrseth.
Hanne Kristin Pedersen
Skiljelinja går mellom dei som trur Gud er på ferde og dei som ikkje trur det
Dagen-spaltene har i det siste hatt fleire ytringar om katolikkar er kristne. Dei gamle førestillingane om at katolikkar ikkje trur på Bibelen, men på jomfru Maria, går att. Tida er moden for oppdatering for nokon kvar.
Om dei liberale protestantane trur meir på Bibelen enn dei sekulariserte katolikkane, kan nok diskuterast. Men det er knapt nok her dei viktige skiljelinjene går i våre dagars kyrkjeliv. Ein treng ikkje leite lenge for å sjå at avstanden mellom ytre høgre og ytre venstre i fleire kyrkjesamfunn er større enn avstanden mellom kyrkjer av ulik konfesjon. Skiljelinjene går gjennom og ikkje mellom kyrkjene.
Ekumenisk arbeid vert vanskeleg i eit slikt terreng. Men det er viktig å ta stilling når ein skal finne ut «hokken ska’n godblonke tel» (Einar Skjæraasen). Jesus er enno tydelegare når han seier at «den som ikkje samlar med meg, han spreier».