For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

Johannes Kleppa er misjonsmann og tidlegare redaktør i Dagen.

Sjølv ikkje ein Ap-ordførar kan gjera barn til «kommunens barn»

Publisert Sist oppdatert

Ein kristen friskule i Nord-Troms, med sterk tilknytting til den læstadianske forsamlinga, gjekk til julegudsteneste. Rektor hadde ikkje sjekka kven som var prest, og så viste det seg at det var ei kvinne.

Kvinnelege prestar er i strid med det læstadianarane står for, og det var gjort heilt klart då presten vart tilsett. Rektor beklaga på det sterkaste det som hadde skjedd. Ho ville for framtida sjekka kven som var prest ved julegudstjeneste.

Ein slik glipp kan skje for alle, og ved rektor sin opptreden skulle ein tru at saka var ute av verda, og det synest ho også å vera for skulen og for foreldra. Den kvinnelege presten gjorde ikkje noko sak av dette, fordi ho forstod at det ikkje dreidde seg om hennar person, men var knytt til lære og med det eit prinsipp. Det var ein ryddig opptreden.

Powered by Labrador CMS