Rett eller plikt?

Det er ikkje sant at kvin­ner har rett til å abor­te­re, ingen har rett til å ta liv!, skriv Linda Austnes.

Det er så vondt å sjå det! Slike for­tvil­te hy­lan­de folke­ho­par rundt om i verda. Ropan­de kvin­ner med pa­ro­ler om fri­gje­ring og skrem­sel om strikke­pin­ner.

I har­nisk over faren for å miste sine ret­ter, hardt til­kjem­pa gjen­nom flei­re ge­ne­ra­sjo­nar. Det er til grine av.Jau, eg er for rett­ferd! Eg er for like­verd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg skal gjer­ne bere pa­ro­lar for ret­ten til å bli like­be­hand­la og verd­satt for den sam­funns­inn­sat­sen vi gjer enten vi er hei­me- eller ute­ar­bei­dan­de, men eg vil aldri kunne for­stå at kvin­ner går i frems­te rekke for ret­ten til å fjer­ne bar­net i mors liv. Aldri!

Tenk om dei kunne legge nokre av kref­te­ne og på­gangs­mo­tet i å kjem­pe for meir inn­ly­san­de ret­ter som lik lønn for likt ar­beid?

Eller lik til­gong til alle stil­lin­gar uan­sett kor det er på rang­sti­gen, berre vur­dert uti­frå kva­li­fi­ka­sjo­nar, heilt utan å vere ned­ver­di­gen­de «kvo­tert» inn?

Tenk om dei kunne bruke av kunn­ska­pen sin til å kjem­pe for ret­ten til å vere heime med borna den tida dei treng det aller mest og få be­talt for den mest sam­funns­nyt­ti­ge av alle job­bar, nem­leg å bygge og ut­vik­le neste ge­ne­ra­sjon.

Tenk om dei kunne bere pa­ro­ler om å ta til­ba­ke hei­men, få støt­te til fa­mi­lie­li­vet og ek­te­ska­pet, og kan­skje endå­til få sam­fun­net så­pass til­rette­lagt at ein kunne ha tid og kref­ter til å vise vår elds­te ge­ne­ra­sjon så­pass om­sorg at dei kunne få ein ver­dig al­der­dom.

På den tida då abort­lova vart ved­tatt med knap­past muleg fleir­ta­lI, vart det ar­gu­men­tert med at det som skul­le abor­te­rast berre var ein celle­klump utan verdi. I vår opp­lys­te tid veit alle som er in­ter­es­sert i å vite det at den «celle­klum­pen» har alt si eiga per­son­leg­heit.

I tolv­te veke , som er gren­sa for fri abort uan­sett kva grunn ein måtte ha, er «celle­klum­pen» forma som eit lite men­nes­ke og har alle dei an­legg det vil ha når bar­net vert født, her­etter skal det berre vokse og ut­vik­le seg fram til fød­se­len.

Ein­kvar abort­le­ge veit også at det er armer og bein som kjem ut av slan­gen som blir ført inn til «celle­klum­pen» og dei fles­te abort­le­gar har vel også kjenn­skap til tanga som blir brukt til å fange og knuse ho­vu­det med. Slett ikkje rart at der er dei som vil re­ser­ve­re seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er så vondt å sjå kor sam­fun­net vren­ge på san­nin­ga. Det er ikkje sant at det er ein celle­klump, det er eit barn! Det er ikkje sant at kvin­ner har rett til å abor­te­re, ingen har rett til å ta liv!

Det som er sant er at kvin­na be­stem­mer over eigen kropp, og det gjer ho også den stun­da bar­net blir unn­fan­ga (med mind­re ho blir vold­tatt, men det er ikkje eks­tremtil­fel­la som er bak­grun­nen for ropet om rett til abort).

Det er hel­ler ikkje sant at bar­net er ein del av kvin­na sin kropp, det er eit sjølv­sten­dig lite in­di­vid som fan­tas­tisk nok er av­hen­gig av si mors full­sten­di­ge om­sorg.

Ingen kan no­kon­sin­ne er­stat­te det ei mor er for sitt barn, og slett ikkje dei førs­te og mest av­gje­ran­de må­na­da­ne av bar­net sitt liv. Der­for er det så vondt å sjå at mød­re­ne roper om å få slep­pe dette fan­tas­tis­ke gud­git­te an­sva­ret.

Siste tida har media hatt mange opp­slag om re­ser­va­sjons­ret­ten. Tenk at det skal verte det store pro­ble­met! Desse le­ga­ne veit kva det hand­ler om! Kan­skje det hadde vore på sin plass å hel­ler dis­ku­te­re in­for­me­rings­plik­ta?

Burde ikkje le­ga­ne ha plikt til å for­tel­je kvin­ne­ne kva eit abort­inn­grep ei­gent­leg er? Kva med å inn­føre ul­tra­lyd for alle abort­sø­kjan­de? Eg er ri­me­leg sik­ker på at abort­tala fort ville re­du­se­rast kraf­tig! Men det er det ingen som roper om.

Det er grunn til å rose den kvin­ne­le­ge blog­ge­ren som mel­der re­ser­va­sjons­le­ga­ne inn­for fyl­kes­man­nen. Ho «over­va­ker» media for å finne nye kan­di­da­ter som etter si­gan­de bryt norsk lov ved å re­ser­ve­re seg.

Det er ros­ver­dig når en­kelt­men­nes­ke en­ga­sje­rer seg for å passe på at lova vert fulgt, og sør­ge­leg å måtte spør­je: Kor er alle vi som yns­kjer å fyl­gje ei stør­re lov enn den nors­ke?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Menneskeverd Linda Austnes Godøy

Les også
Savner støtte fra Frp i reservasjonsdebatten
Les også
Høie garanterer abort-reservasjonAbort-reservasjon
Les også
Ingen biskop-støtte til fastlegene nåReservasjonsrett
Les også
Følte at legen presset henne til abort