Debatt
ABORTLOVA: Tilhengarane av fri abort omtalar gjerne fosteret som ein del av mora kvinna sin kropp, og over kroppen sin er det kvinna som har retten, skriv Johannes Kleppa. Her frå ein demonstrasjonen framfor Stortinget i Oslo i november 2018.
Trond Reidar Teigen / NTB
Ny omdreiing for fosterdrap og kjønnsforvirring
I det store ordskiftet har tenkinga og argumentasjonsmåten snudd omtrent 180 grader, frå at ein argumenterte ut frå fosteret sin rett, til ein argumenterer ut frå kvinna sin rett.
Det er lansert forslag til ny abortlov, altså ny fosterdrapslov. Prinsipielt endrar det lite og ingen ting om ein endrar på nokre formuleringar, lagar nye praktiske ordningar og set ny grense for retten til fri abort. Fosteret har uansett mista sitt absolutte menneskeverd og sitt absolutte rettsvern. Det har mista livsretten. Utviding av grensa for fri abort og lettare ordningar for å kunna gjennomføra det, gjer likevel mors mage til ein stadig meir utrygg stad for det ufødde livet. Liberalisering av abortlova er difor livsøydande.
Det viktigaste frå kristent hald i denne saka er å halda oppe det ufødde barnet sitt menneskeverd og fosteret sin livsrett. All tenking og argumentasjon må ha dette i botn og som rettesnor. Det må også styra vala våre av ord. Det er svært lett at vi går inn på den sekulære og politisk korrekte argumentasjonsmåten og bruk av ord. Då misser vi den prinsipielle ståstaden og den argumentasjonskrafta som ligg her. Vi kan nok då også yta ein viss motstand mot liberalisering, men vi er på ein glidebane som er destruktiv.
I det store ordskiftet har tenkinga og argumentasjonsmåten snudd omtrent 180 grader, frå at ein argumenterte ut frå fosteret sin rett, til ein argumenterer ut frå kvinna sin rett. Då er det lett for at ein prøver å harmonisera desse to måtane, men med det sidestiller ein to ulike storleikar og prinsipp.