Debatt
KVALITET: Norsk olje og gass har svært lave produksjonsutslepp og høg kvalitet, skriv Sigbjørn Framnes. Johan Sverdrup feltsenter vart offisielt opna sommaren 2020. Johan Sverdrup er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel.
Carina Johansen / NTB
Norsk petroleum er ikkje problemet, men ein del av løysinga
Etter at klimarapporten vart publisert, er det mange som snakkar og skriv med krigstypar, både politikarar, journalistar og kommentatorar. Åtaka går i retning vår olje- og gassproduksjon.
Etter mitt og Frp sitt syn er det feil medisin om ein skal oppnå globale utsleppskutt. At Noreg skal redda verda er ikkje noko nytt, men det vert ikkje meir rett av den grunn.
Dei totale utsleppa i Noreg var cirka 50 millionar tonn i 2020, noko me sjølvsagd skal jobbe med å redusere. Reduksjonen må skje kostnadseffektivt utan å føre til industridød og høge avgifter for folk flest. Å hjelpe andre med å redusere sine utslepp er kanskje den mest effektive måten.