❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Debatt

TERROROFRE: Vi som har trudd at antisemittisme, drap, Holocaust og Hamas-terror er djevelsk vondskap, får høyra at det var Gud som har vore og er på ferde, skriv Johannes Morken. Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB

Når Israels vener opnar døra for antisemittisme

Det finst endetidsførestellingar og Israel-venskap som opnar for kristen antisemittisme.

Publisert Sist oppdatert

Den norske kyrkja får i ein rapport sterk kritikk for karikerande forkynning om jødane og jødedommen og manglande kunnskap om den jødiske arven. Kyrkja har ikkje tydeleg nok teke oppgjer med antisemittismen i mellomkrigstida.

Dette er ein viktig rapport som eg håpar Den norske kyrkja tek på djupaste alvor. Og samstundes: Kan generalsekretærar og fotfolk i misjonsorganisasjonar tenkja at dette er noko berre biskopane må gå inn i?

Den norske Israelsmisjon har, etter lang tids påtrykk, teke tak i antisemittiske utsegner frå eigne leiarar i mellomkrigstida og rett etter krigen. Frelsesarmeen har, etter ein kommentar eg skreiv i Vårt Land, engasjert HL-senteret for å kartleggja si eiga krigshistorie og forholdet til jødane.

Powered by Labrador CMS