Debatt
LANDLØFTE: Når løfta vert «stadfesta», vil det seia at Gud har sett sin signatur og stempel på det han har lova Israel, skriv Kåre Torbjørnsen. Her frå Mahane Yehuda-markedet i Jerusalem tidlegare i år.
Leo Correa / AP / NTB
Når filologi skapar feiltolking av bibeltekster
Harald Peter Stette prøver i eit innlegg i Dagen å vise at Kjell Furnes sin bibeltolking av GT-tekster er feiltolka. Grunnen til at han er ueinig med Furnes, er nok heller at Stette har misforstått NT-tekster. «Noe landløfte for Israel finnes ikke i NT», skriv han.
Men det gjer det. Stette forstår det slik at når Paulus i 2 Kor 1,20 skriv at «alle Guds løfter har fått sitt ja i Kristus», så er GT-løfta til Israel oppfylt. Her må det væra ei språkleg misforståing. At eit løfte får eit ja, er på ingen måte det same som at løftet er innfridd. Vi finn presis det same i det den same apostelen skriv i Romarbrevet 15,8: «For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk.»
Er vi kjent i Bibelen, veit vi kven «dei omskorne» er. Det er jødane. Det er Israel. Like eins kjenner vi til «dei lovnader som fedrane fekk.» Fedrane er primært Abraham, Isak og Jakob. Det vil seia Israel.