MEDISIN: –Eit døypt menneske er fødd til eit nytt liv, har fått eit nytt hjarte og ei ny ånd. ILL.FOTO: Frank May / NTB scanpix

Medisin mot motløyse

– Vi treng menneske med trusstyrke til å halde ut motstand og forfylgjing.

Motløyse breier seg lett når kristne oppdagar at kristendom er blitt marginalisert og neglisjert i det offentlege rom. Ikkje minst kristen etikk får gjerne hard medfart i dag. Ofte ikkje eingong medrekna som seriøs. Personlege standpunkt erstattar objektive sanningar og samvit vert bytt ut med «det ein føler».

Det er fåre på ferde når samvitet, moralkoden som er bygd inn i menneskesinnet for å reagere når liv og død, sanning og rettferd vert stilte på prøve, vert redusert til eigenvilje. Då er kvart menneske fri til å leve og handle til eige behag utan omsyn til det sanne eller det felles gode.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit døypt menneske er fødd til eit nytt liv, har fått eit nytt hjarte og ei ny ånd. Når det nye livet får festne seg og vekse, vert heile personen forvandla. Det veks fram ein sjels-styrke som liknar på Kristi eige sinn og bilete. Denne personlege forvandlinga får offentlege konsekvensar. Kvart slikt menneske vil ha kristeleg innverknad på alt og alle ikring det.

Våre viktige vegval i livet gjer vi menneske ved å lytte, tenkje og reflektere. Fyrst i kontakt med andre, og til sist i samtale med vår eiga indre stemme. Det kristne mennesket treng trening i å lytte til Guds stemme i Skrifta, til Kristi stemme i evangelia, til Kyrkja si stemme gjennom århundra og til erfarne menneske ikring oss. Slik kjem Guds Ande til orde i det indre mennesket og Guds eigen vilje får gjennomsyre vår eigenvilje.

Denne fostringa lid når talet på kristne menneske går tilbake, når alternativ-ånder får prege det offentlege livet, når Guds hus vert til forveksling likt folkets hus og det vert lengre mellom kristne fellesskap med genuin kristen identitet.

Leiar for UiO Norge, Andreas Nordli, minte i ein artikkel nyleg om at det har vore slike kristetider før. Fellestrekk for vegen ut av krisene har vore «rest-fellesskap», kommunitetar med eige liv. Frå kloster-rørsler til dei haugianske vene-fellesskapa. Dette er medisin mot vår tids kristne motløyse.

Motkultur-fellesskap kan stå imot majoritetskyrkjene si tilpasningslinje. Vi treng menneske med trusstyrke til å halde ut motstand og forfylgjing. Og vi treng ein ny generasjon modellar for korleis genuint kristent liv kan levast i den religonspluralistiske kulturen. Difor trengs veksthus for kristne personlegdomar og trusfellesskap som går djupare og viser veg lengre fram enn til det private gode og det dagsaktuelt politisk korrekte.

Medisinen mot motløyse er også motoren for kristent salt og lys i verda.

Les også
Samfunnet er også det det tåler
Les også
Frykter svekket troverdighetkonflikten
Les også
Okkupasjon og bosetninger
Les også
Hvem avgjør hva som er normalt?
Les også
Skapelsens venner