STOPP: «Kven i kyrkja sitt embetshierarki seier stopp?» spør Egil Morland.

Lydnad mot «den ordning vår kyrkje har»

Det er diverre ei utbreidd misoppfatning at prestar pliktar å fylgje parole.

Overskrifta siterer eit lite og eintydig, men i praksis tvitydig, tillegg til den omfattande formaninga nye prestar høyrer i ordinasjonen.

Etter dei eldgamle orda om å forkynna Guds ord klårt og reint «som det er oss gjeve i Den heilage skrifta» etter kyrkja si vedkjenning, skal presten forvalta dei heilage sakramenta etter den skipnad Kristus sette, «og den ordning vår kyrkje har».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Opphavleg er meininga klår: Presten skal gjera alt dette etter dei ordningar vår kyrkje har for dette, det vil i praksis seia: dei forordna liturgiane.

Men ord endrar meiningsinnhald, og ord er makt. Det viser ein straum av forventningar mot presteskapet om at det skal formidla og vera ansvarleg for at sentrale «vedtak» vert følgde opp.

Vi kjem til å få sjå meir til det framover. I så måte gjev Dagen måndag denne veka nok eit døme på slike forventningar: ein liturgi som ikkje er ein liturgi, og difor ikkje treng normal sakshandsaming fram mot «forventa» praksis.

Den forunderlege gangen i og oppfylging av saka om kvinnelege prestar sine arbeidstilhøve demonstrerer dette. Frå ei undersøking som gjev viktige funn som kan og bør førast vidare både i eit allment og eit teologisk perspektiv, heiter det frå Kyrkjerådet:

«På kort sikt setter Kirkerådet i gang med et opplæringsprogram om diskrimineringslovgivningen for å bevisstgjøre alle ledere på sitt ansvar. I tillegg skal det etableres et digitalt varslings- og avvikssystem. På lengre sikt vil Kirkerådets møte i september behandle en sak om flere grep for å fremme likestilling, mangfold og inkludering i Den norske kirke.» (Mine uthevingar.)

I praksis betyr dette at alle tilsette skal delta i slike kurs, der dei – i lys av undersøkinga om kvinners presteteneste – skal skulerast i den nye kjønnsideologien, med frammøteplikt. Kven protesterer?

Kven i kyrkja sitt embetshierarki seier stopp? Kven vil, med tilvising nettopp til ordinasjonen og hyrdeansvaret, seia: Dette er eg ikkje med på! Dette skal ikkje tilsette i våre kyrkjelydar utsetjast for!

Vi lyttar forgjeves etter slike røyster. Det er diverre ei utbreidd misoppfatning at prestar pliktar å fylgje parole.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så, kva er det som har hendt på vegen frå ordinasjon til praksis? Det som har hendt er historia om «den ordning vår kyrkja har».

I presten si tenesteordning, som spesifiserer pliktene det vert vist til i ordinasjonen, er det i § 2 ei tilforlateleg formulering: «Presten skal også utføre andre gjøremål som er eller måtte bli pålagt ved lov eller bestemmelse av Kirkemøtet.»

Vi går eit steg vidare: I prostane si tenesteordning har dette så fått eit nærast operativt grep: «Prosten skal sørge for den nødvendige samordning mellom prestetjenesten og de kirkelige rådenes virksomhet» (§ 6).

Ja, kan og bør vi seia: Sjølvsagt skal prestar og prostar gjera det.

I normaltider. Og sjølvsagt skal prestane akseptera å utføra andre oppgåver enn dei forordna tenestene. Men det finst grenser for dette.

Historisk var orda om «den ordning vår kyrkja har» eit vern kring prestetenesta: Gjer det du skal etter Skrift og vedkjenning og kyrkja sine ordningar, så finst det ikkje eit friare og meir sjølvstendig arbeid enn det du no går til!