For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

SKUFFAR: Eg tykkjer ho lukkast dårleg med å teikna eit sannferdig eller truverdig bilete av dei som trur annleis enn ho sjølv gjer, skriv Erling Thu om Ingunn Folkestad Breistein.

Likestilling og underordning

Publisert Sist oppdatert

Det var flott å lesa rektor Ingunn Folkestad Breistein sitt innlegg i Frispark i Dagen. Der vart vi kjent med argumenta ho bruker før ho kjem med den famøse påstanden som Vårt Land slo opp: «Dei treng ikkje skulda på Gud».

Dessverre skuffar ho på ny, for argumenta ho bruker er svake. Ho går ikkje til Guds ord, men argumenterer med oppkonstruerte argumentasjonsrekkjer hos folk med «hovud-tenking» og «likestillings-tenking». Eg tykkjer ho lukkast dårleg med å teikna eit sannferdig eller truverdig bilete av dei som trur annleis enn ho sjølv gjer.

Hennar påstandar om at dei som trur på underordning er påverka av den borgarlege kulturen i Amerika og Europa på 1950 er til å le av, når vi veit at dei står i ein 2.000 år gammal tradisjon av kristen tenking. Det verkar som om ho trur at alt dreiar seg om feminisme og patriarkalsk tenking, men då tek ho feil. Bibeltru kristne er ikkje styrte av slike verdslege måtar å tenkja på.

Powered by Labrador CMS