MØDRER: Når ammande mødrer må ut i full jobb med 7 månader gamal baby, er det forståeleg at så mange som 1 av 3 mødrer no tek ut ubetalt permisjon, skriv Kjersti Toppe. Foto: Ole Berg-rusten/NTB

Kvifor dette hatet mot kontantstøtta?

Fødselstalet i Norge er dalande. I 2019 blei det fødd 54 500 barn i Norge, og samla fruktbarheitstal blei målt til 1,53 barn per kvinne.

Det er ein betydeleg nedgang sidan 2009, då talet var 1,98. Professorar og politikarer møtes no i studio og kjem med den eine løysinga etter den andre på dette problemet.

Også statsministeren vår har ved fleire høve oppmoda det norske folk til å få fleire barn.

Perspektivmeldinga til regjeringa, den litt «farlege» meldinga som varslar om dårlege tider, seier nemleg at veksten i befolkninga i arbeidsfør alder vil stoppe heilt opp i perioden 2030-2060.

Alle forstår at denne utviklinga trugar vår velstand, vekst og levekår.

I eit moderne velferdssamfunn som vårt, er det eigentleg uforståeleg at fødselstala går ned. Velferdsordningane er gode. Overføringane til barnefamiliane har hatt ein stor auke.

I perioden 1996 til 2017 auka overføringane med godt over 40 milliardar (2017-kroner). Mest pengar har gått til å auke foreldrepermisjonen og til subsidiering av barnehageplassar( jfr.NOU 2017:6)

Men det er tydelegvis forskjell på pengar og pengar. No snur dei fleste parti ryggen til kontantstøtta, samstundes som ein byr over kvarandre med auke i andre stønader til barnefamiliar.

Å utvide foreldrepermisjonen og fedrekvota er greitt. Men å sikre at mor får lang nok permisjon etter fødsel til å kunne amme sitt barn, er ugreitt.

Kvifor blir omsorg for småbarn framleis nedlatande omtala som å «gå hjemme»?
Kjersti Toppe

Det politiske signalet er at det er flott og fint med barnefødslar og omsorgsansvar for småbarn , berre ein ikkje lar dette gå ut over sysselsetting og likestilling.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvifor er det ukorrekt å framheve den spesielle mor- barn relasjonen i første leveåret, fordi det blir oppfatta som diskrimering av fedre? Kvifor blir omsorg for småbarn framleis nedlatande omtala som å «gå hjemme»?

Eg kan garantere at det er meir travelt å vere heimeverande enn å vere på Stortinget. Men i dag er slikt omsorgsarbeid lite respektert og har lav status. Kanskje difor dette hatet mot kontantstøtta?

Integreringsmotargumentet er overdrive, når støtta no berre gjeld 1-åringar. At nokon foreldre ynskjer meir tid og nyttar kontantstøtta til å utsetje barnehagestart nokre månader eller opp mot barnet blir to år, er ikkje gale. Det er bra.

Dagens foreldrepermisjonsordning tek heller ikkje omsyn til kvinners behov for vern etter fødsel og i barseltida.

Tredelinga av permisjonen er gjort ut frå likestillingsomsyn og arbeidslinja. Eg som trudde av foreldrepermisjon var til av omsyn til barnet?

Når ammande mødrer må ut i full jobb med 7 månader gamal baby, er det forståeleg at så mange som 1 av 3 mødrer no tek ut ubetalt permisjon.

Vil ein ha politiske tiltak for å auke fruktbarheitstala i Norge, kan ein starte med dette: La kontantstøtta bestå. La mødrer sin del av foreldrepermisjonen bli større.

Det er berre kvinner som ammar, og det krev både tid, ro og innsats. Ingen kvinner er superkvinner.

Det vert aldri reell likestilling før omsorgsarbeidet i samfunnet vårt får mykje større status og blir likestilt med anna arbeid.