BOKUTGIVELSE: Knut Lindh (t.v) har skrevet boken "Hvem drepte Jan Wiborg". i 1994 ble Jan Wiborg funnet død i bakgården til et hotel i København hvor han skulle møte sin sønn Daniel Wiborg (t.h). Jan Wiborg var sivilingeniøren som under flyplassaken påsto at de omstridte tåkemålingene i Hurum var manipulerte. FOTO: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Kven drepte Jan Wiborg?

Symptomatisk for slendrian i Wiborg-saka er at det tok fem år før Daniel fekk melding om at faren var død.

Dette er tittelen på ei oppsiktsvekkjande bok som kom i handelen denne veka. Forfattar Knut Lindh slår fast at sivilingeniør Jan Wiborg, mannen som hevda at vêrmålingane på Hurum var tukla med, umogleg kunne ha gjennomført sjølvmord då han forsvann ut av eit vindauga i 4. etasje på Hotel Cabinn i København 21. juni 1994. Wiborg vart funnen på gateplan, naken, skamfaren, sundskoren, død. Politiet kom og slo straks fast at dette var «selvmord».

Den danske politirapporten, som eg fekk tilsendt anonymt til Stortinget seint på hausten det same året, var urovekkjande: Sjølvmord. Inga etterforsking. Ingen obduksjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ingen varsellampe på nokon kant. Politiet på Fredriksberg brukte ikkje tid på dette dødsfallet. Dei visste ikkje at mannen i blodpølen hadde arbeidd som kvalitetssikrar i eit av fastland-Europas største utbyggingsprosjekt, der store pengar, kamp om kontraktar, leveransar og eigedomar var involvert og der politisk maktkamp hadde utfalda seg på sitt mest intense. Mistanken om drap, som eg målbar offentleg overfor ei tafatt (og redd?) presse i 1996, førte til ståhei.

TV2 var påfallande snøgg med å sende ein medarbeidar, Stein Kåre Kristiansen, til København for å sjå om det kunne vera noko i mine påstandar. Nei, etter ein dagstur og ein prat med politimeisteren, og nokre bilete frå Hotel Cabinn, kunne han slå fast at påstandane var utan grunnlag. Med dette punkterte TV2 saka. Etter ei tid måtte Stortinget likevel setja ned ein granskingskommisjon. Professor Eivind Smith leia arbeidet og leverte innstilling i 2001 vedlagt protokollen.

Knut Lindh og hans hjelpesmenn, NRK-veteranane Ebbe Ording og Arve Tunstad, har gjennom alle år følgt saka, granska alle dokument og omstende, København-turen, vitneprov, hotellet, romet, osv. Konklusjonen er den stikk motsette av det Smith-kommisjonen kom fram til.

Då Hurum vart vedteke som ny hovudplass for Austlandet, kom det som eit sjokk på Gro Harlem Brundtland og partileiinga. Vedtaket måtte snuast! Etter ei tid med spesielle vêrmålingar på Hurum vart det konkludert med «for mye tåke og dårlig sikt» ei tåke som flygarane i SAS og Braathen, som flaug forbi dagstøtt, ikkje hadde fått auga på. Etter ein lang oppheta strid og sterkt personleg press mot «avvikarane» i Stortinget, snudde eit tilstrekkeleg tal representantar, og det vart fleirtal for Gardermoen. Sterke interesser og klandestine nettverk fekk det til slutt som dei ville.

Fagmannen Jan Wiborg, kjent kvalitetssikrar frå mange store internasjonale oppdrag, hadde sjølv inga meining om kvar flyplassen helst burde liggja, men med ubryteleg logikk heldt han fram at målingane på Hurum ikkje kunne vera etterrettelege.

Han møtte då ei bølgje av trakassering, psykisk terror, innbrot, latterleggjering, utdefinering, og tap av jobb. Han kjende seg truga, kom på Stortinget om morgonen den siste dagen i vårsesjonen 1994 for å treffe Ingvald Godal og underteikna, mellom anna for å få hjelp til vern frå høgste hald i politiet. No hadde han ikkje lenger noko å tapa, sa han, så han ville publisere kven det var som hadde motarbeidd han gjennom prosessen desse åra. Men det var eitt lyspunkt denne dagen: Han var nettopp invitert til å møte sonen sin, Daniel, i København, og skulle ta ein hyggeleg svipptur dit. Etter ekteskapeleg skilsmål i 1983 hadde han ikkje sett Daniel på elleve år. Det vart hans bane. Sonen, som Aftenposten spora opp i 1999, hadde aldri høyrt eit ord om noko møte i København.

Smith-kommisjonen tok politirapporten for god fisk, og argumenterte i sirklar ut frå denne. Wiborg var òg «suicidal og paranoid», heitte det. For godt mål vart underlagsmaterialet stempla hemmeleg for ti år, fram til 2011, då familien no fortjente å få «ro og fred».

Men det var ein bløff. Familien (som budde i Belgia) arbeidde, tvert om, i harde tak for å finne ut kva som hadde skjedd. Symptomatisk for slendrian i Wiborg-saka er at det tok fem år før Daniel fekk melding om at faren var død. Og den viktige reportasjen i TV2 viste seg å vera tidenes harelabb: Den utsendte journalisten hadde jamvel gjort sine undersøkingar på feil hotell! På dette var det installert elektronisk låsesystem, som ville ha registrert alle besøk til Wiborg sitt rom. Og då ingen uvedkomande hadde gått inn på rom 307 den natta, proklamerte TV2 sjølvmord. På mordhotellet, derimot, var det tilnærma fri flyt ut og inn heile natta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På pressekonferansen sa Knut Lindh: «Jan Wiborg må være det eneste mennesket i Norge som har stortingsvedtak på at han har begått selvmord».

Familien vil, naturleg nok, be Stortinget om ei form for oppreising av Jan Wiborg. I vår nasjonalforsamling står han per i dag med eit ettermæle som ikkje er han verdig. Vårt demokratiske system kan ikkje tillate å dra med seg ein slik skamplett vidare.

Les også
Dawkins: Moralsk feil å bringe frem barn med Downs syndrom
Les også
«Sjelen er i blodet»
Les også
Når mangfoldet blir ensretting
Les også
Ateismens spindelvev
Les også
På ramme alvor