| Debatt
Kvar går NLM og ImF?
SAMLET: NLMs generalforsamling Misjon25 gikk av stabelen i Stavanger 8.-13. juli. Her fra en tidligere generalforsamling.
Tarjei Gilje
Igjen får vi stadfesta NLM som vår største evangelisk-lutherske misjonsorganisasjon med sin GF i Stavanger. Trass i indre spenningar maktar ein å halde fast på sin posisjon i vårt lavkyrkjelege bedehus og misjonsforsamlings-tenkjing. Sofie Braut i Dagen seier det slik: «Samanhengen mellom 'indre' og 'ytre' kjem tydlegare til uttrykk. Det kjennest som ei sunn samling er i emning.»
Her kan ein vise til UL (Ungdommens landsmøte) som kom i forlenginga av GF, som er eit fellesarrangement mellom nettopp NLM og ImF. Så kva kan bli det neste?
Utan å gå for djupt her og no i å plassere NLM og ImF, to ektefødde organisasjonar frå vekkingane som la grunnen til indre- og ytremisjon, så vil eg berre her kort vise til at det på 1890-talet var i indremisjonens Betlehem i Bergen at Kinamisjonen (NLM) fekk sin start. Og det rike ytremisjonsarbeidet spreidde seg til ein rekke land etter kvart. NMS (Det norske Misjonsselskap) var eit ytre teikn til misjonsengasjement i haugianismens kjølvatn (1840-talet).