| Leder
Når 5000 får oppleva at slagordet er realitet
UL-sjela blir lagt open framfor tusenvis av frammøtte. Det er verdt å lytta.
FORANDRING: Å bli akseptert av Gud slik vi er, forandrar ingen ting. Trua på at Gud faktisk endrar oss, og slik endrar verda, må vera berebjelken for all misjon, heime og ute.
Odd Mehus
«Festival som forandrar» står det på eit digert skilt ved UL- festivalområdet. Tar dei munnen for full, desse som syr saman ungdomsfestivalen for misjonsfolket?
Eg skulle ønskja alle som er skeptiske til «all in» hadde vore med på det kombinerte UL/GF kveldsmøtet på torsdag i Stavanger. På eitt punkt var det som om UL-sjela vart lagt heilt open. Eg skal forklara om litt.
For det var mykje fint og inspirerande å rapportera om frå møtet også elles. Eitt poeng er sjølve dimensjonen på det heile. Den gigantiske Stavanger Forum EXPO-hallen vart fylt opp av unge og gamle til felles møte på tvers av generasjonar. Teljeverket passerte 5000, har eg blitt fortalt frå fleire.