Kva står Dei Grøne for i andre saker enn miljø?

Når Dagen skriv at MDG er for ein meir liberal narkotikapolitikk er dette etter mitt skjøn feil.

På grunn av den rekordraske veksten til Miljøpartiet Dei Grøne ( MDG) har avisa Dagen den siste veka brukt mykje spalteplass på partiet. Vi i Dei Grøne er sjølvsagt både glade og nøgde med dette. I det siste oppslaget set avisen fokus på nokre meir perifere delar av programmet vårt og viser til saker som gjerne er kontroversielle for mange av Dagen sine lesarar.

Dette er heilt legitimt, men når ein plukkar ut perifere punkter av eit program på over 70 sider, vil dette gje eit skeivt bilde av kva partiet står for. Eg nyttar difor her høvet til å utdjupe kva som er det sentrale i vår politikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei Grøne er tufta på ein forståing av at alt som lever er avhengige av kvarandre. Menneskelivet byggjer på naturen. Om vi skal skape gode liv også for generasjonane etter oss, må vi ta innover oss at vi må respektere naturen sin bereevne.

Grunnpilaren i partiet sin politikk er difor respekt for alt liv, både menneske og anna levande. Vi ynskjer eit samfunn tufta på respekt for Miljøet, respekt for Medmenneska og respekt for Mangfaldet. Arbeidsprogrammet vårt er eit uttrykk for korleis vi ynskjer å praktisere dette.

På skulesektoren inneber dette at vi vil ha ein offentlig skule der alle, utan omsyn til religion og livsyn, skal kjenna seg respektert. Religionen skal ikkje ut av skulen, og aller minst kristendommen, men undervisninga skal være tufta på ein ideologisk plattform der alle elvane vert respektert med den bakgrunnen dei har.

Ein viktig del av dette er at elevane blir godt kjent med lokal kultur og historie. Her har både skulegudstenester og solide kunnskap om kristentru ein sentral plass. MDG er tydeleg på at det er foreldra som har retten til å avgjere kva skule borna skal gå på og til å avgjere kva religiøs påverknad borna skal ha. Dette betyr at vi ynskjer private kristne grunnskuler velkomne. Det er både eit naudsynt og viktig supplement til den offentlige skulen.

Eit anna område eg vil tru er ei kjernesak for Dagen sine lesarar og som også opptek meg personleg, er korleis vi tenkjer om menneskeverdet. I partiprogrammet vårt er vi tydelege på at alt som lever har verdi og at menneske har ein særskilt verdi.

MDG er imot at vi skal drive obligatorisk fosterdiagnostikk med sikte på å finne foster med kromosomavvik. Vi seier nei til obligatorisk ultralyd før 12 svangerskapsuke.

Vi seier også nei til legalisering av bruk av surrogatforeldre. Eit barn har rett til å kjenne foreldra sine, og ingen kvinner i nokon del av verda skal pressast eller freistast av økonomi til å bære fram barn for ein rik nordmann.

Det er og svært problematisk at helsevesenet i fattige land bruker store ressursar på surrogati for rike medan det i dei same landa er store folkegrupper som blir nekta elementær medisinsk hjelp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein tredje kjernesak for Dagen sine lesarar er religionen sin plass i samfunnet. Vi i MDG ser religion generelt, og i vårt tilfelle kristendom, som positive og naudsynte element i menneskelivet som vi som politikarar må gi gode kår. Vi har ingen intensjon eller ynskje om å bygge ned stønaden til kyrkjer og trussamfunn, og ynskjer kyrkjesamfunna velkommene som samarbeidspartnarar for betre skule og omsorgstenester.

Alle kyrkjesamfunn skal sikrast lik støtte, og staten skal ikkje styre liv og lære i kyrkjene. Den norske kyrkja skal, som andre kyrkjesamfunn, sikrast gode livskår. Vi ynskjer likevel ein praktisk endring i høve til arbeidsfordelinga mellom samfunn og kyrkje. Dette gjeld forvaltning av gravplassar.

Sidan samfunnet er i ferd med å verte multikulturelt og multireligiøst meiner Miljøpartiet at det er rettast at kommunane, i staden for fellesråda, tek ansvar for drift av gravplassane. Dette gjeld praktiske ting som opning og vedlikehald av grav, ikkje sjølve gravferda. Gravferdene er og bør framleis vere dei pårørande og trussamfunna sitt domene og ikkje eit offentleg ansvar.

Ei fjerde, om enn for oss perifer sak, som Dagen har omtalt, er ruspolitikken vår. Det viktigaste endringa vi vil gjere i norsk ruspolitikk er knytt til synet på misbrukaren. Vi må sjå rusmisbruk i ein større samanheng der vi og spør etter årsaka til det høge rusmisbruket i Noreg.

Dei aller fleste tunge rusmisbrukarane slit med psykiske vanskar. Vi i MDG meiner difor at vi må ha eit meirt humant og sterkare helseperspektiv på ruspolitikken. Dette gjeld ikkje minst i høve til narkotikapolitikken. Vi ynskjer ei massiv utbygging av avrusing og avvenningstilbod.

Når Dagen skriv at MDG er for ein meir liberal narkotikapolitikk er dette etter mitt skjøn feil. Vi meiner at vi treng meir kunnskap om ulike tilnærmingar i narkotikapolitikken. Det er meir hensiktsmessig og humant å bruke politiet sine etterforskingsressursar på å finna og få straffa dei som omset, produserer og innfører narkotika enn på å jage etter dei stoffavhengige.

I praksis er det ofte det siste som i dag blir gjort. Eg kjem til å arbeide for meir politiressursar for å stoppe omsettinga av narkotika, og for strengare stafferammer for bakmennene.

Les også
Dei Grøne vil gjere rusmiddel lovlege
Les også
De Grønne ved den politiske perleporten