Dei Grøne vil gjere rusmiddel lovlege

Prest og toppkandidat Tom Sverre Tomren meiner partiprogrammet opnar for ulike tolkingar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil at skulen skal vere livssynsnøytral og avkriminalisere rusmiddel som i dag er ulovlege.

Sokne­prest og tid­le­ga­re mi­sjo­nær Tom Sver­re Tom­ren top­par par­ti­et si liste i Horda­land og kan kome på Stor­tin­get etter valet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Kvi­for vil du kjem­pe for ein livs­syns­nøy­tral of­fent­leg skule på Stor­tin­get?

- Det er rett og slett fordi sam­fun­net ikkje er ho­mo­gent kris­tent sam­funn, og alle skal føle seg iva­re­tatt like­ver­di­ge. Vi vil ikkje ha re­li­gion ut av sku­len, vi skal ikkje slut­te med skule­guds­te­nes­ter.

Av­kri­mi­na­li­se­re

MDG vil av­kri­mi­na­li­se­re bruk av il­le­ga­le rus­mid­del og mind­re meng­der stoff til eige bruk. Inn­fø­ring, pro­duk­sjon og sal av nar­ko­ti­ka skal vere straff­bart, hei­ter det i ar­beids­pro­gram­met.

- Kva stoff vil de av­kri­mi­na­li­se­re?

- Eit av stof­fa som er nemnt er can­na­bis. Vi har sagt at vi vil ut­re­de utsal av can­na­bis, ikkje at vi skal star­te det. Eg ser ingen grunn til å røys­te for ein meir li­be­ral nar­ko­tika­po­li­tikk, men vi treng kunn­skap, for da­gens po­li­tikk er ka­ta­stro­fal.

- Vil du slåss for meir li­be­ral nar­ko­tika­po­li­tikk?

- Vi vil ha meir human po­li­tikk der ein ikkje fengs­lar sprøyte­nar­ko­ma­ne, men hand­sa­mar dei med re­spekt og men­neske­verd. Po­li­ti­et skal hel­ler prio­ri­te­re dei som pro­du­se­rer, inn­fø­rer og omset nar­ko­ti­ka.

Ueinige om cannabis

Dagen skreiv først at grøn prest vil gjere rusmiddel lovleg. Tomren presiserer i etterkant at han ikkje er for liberalisering av narkotikaomsetjing. Programmet er vedteke etter drakamp mellom ulike grupper i partiet, seier Tomren. Han meiner punktet om rusmiddel gjev rom for ulike tolkingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg er av dei som meinte at programmet vart for uavklart på dette punktet og eg ynskte ein skjerpa profil mot bruk og oppbevaring av cannabis.

I arbeidsprogrammet heiter det at partiet vil «utrede offentlig kontrollert produksjon og omsetning av cannabis og starte et forsøksprosjekt med strengt regulert legalt salg av cannabis/marihuana».

- Eg er i dag ein av dei som tolkar dette punktet konservativt. Eg meiner at det - lest i samanheng - ikke uttrykkjer at vi vil legalisere cannabis, men at vi ber om meir kunnskap om ulike alternativ til dagens politikk.

Han viser til at programmet er veldig tydeleg på at alle som omset, produserer og innfører alle former for narkotika skal straffeforfølgjast.

- Eg kjem ikke til å stemme for ein mindre restriktiv narkotikapolitikk om eg blir valt inn på stortinget, presiserer Tomren.

Mot sur­ro­ga­ti og døds­hjelp

Par­ti­et vil også like­stil­le og like­hand­sa­me alle trus- og livs­syns­sam­funn. Grav­lun­dar skal ikkje len­ger ei­gast, drif­tast og for­val­tast av kyr­kje­le­ge fel­les­råd, men av kom­mu­na­ne, mei­ner MDG.

Par­ti­et er mot sur­ro­ga­ti og aktiv døds­hjelp.

DAGEN

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Kyrkjetungt miljøpartiKyrkjefolk