| Meninger
Kva meiner Bygstad eigentleg om IMI-kirken, OASE og Ungdom i Oppdrag? Ei oppklaring trengst
PASTOR: Det er Skrifta som gjev legitimitet til vedkjenninga, ikkje omvendt, skriv pastor Bjørn Wang i eit svar til Jan Bygstad.
Karl Almedal
Då eg gjekk på barneskolen, hende det at Frøken laga ei adjektivhistorie. Det gjekk ut på at ho hadde skrive ei historie utan adjektiv, men klassen skulle føreslå dei. Då kom ord som «tjukk», «tynn», «sleip», «myglete», og så vidare.
Frøken skreiv fortløpande inn alle orda som passerte sensuren, før ho las opp for klassen til stor latter. Eg har merkt meg at det er på liknande vis når omgrepet «karismatikk» vert omtala i ulike debattar.
Adjektivet «usunn» har hefta seg ved det, slik at «karismatikk» og «usunn karismatikk» no tyder omtrent det same.