| Debatt
KrF er på rett spor
FRÅ VALDAGEN: Partileiar Dag Inge Ulstein og sentralstyret fortener all støtte for denne linja som har ført KrF på offensiven, skriv Bjarne Gjerme.
Dagen
I Dagen for 18. september gjev fleire solide tillitsvalde i KrF uttrykk for uro over deler av partiet si linje i valkampen som no ligg bak oss. Partileiar Dag Inge Ulstein og sentralstyret fortener all støtte for denne linja som har ført KrF på offensiven med stor auke i medlemstalet og eit valresultat over sperregrensa.
Israel sin kamp mot den radikalt konservative islamismen i Gaza, og mantraet om folkemord og brot på folkeretten, har gjort at Hamas kort tid etter 7. oktober 2023 fekk overta offerrolla. Her i Noreg er vel NRK den viktigaste formidlaren av nyhende. Dei har gjennom heile denne krigen vore flittige med å summera Hamas sine oppgjevne tapstal. Desse skal no vera komne opp i over 65.000, men NRK har heile tida vore nøye på å få fram at dette er Hamas sine tal. Store tal passar inn i Hamas sin strategi for å sverta Israel. På dette grunnlaget har så dette fått passera som fakta.
Israel har hevda at det er komme inn tilstrekkelege forsyningar, men at det er Hamas som har rana lastebilar og selt på svartebørsen for å finansiera krigen sin. Er det nokon som kjenner til andre enn Israel som sender matforsyningar til sine dødsfiendar? Og kven har skapt uro rundt matutdelingar med å skyta menneske som står i kø? Israel har også fått skulda for dette, men ofte vert dette ikkje nemnt dersom det er opplagt at Hamas står bak. Og Hamas har halde kontrollen ved å skapa frykt.