| Debatt
KrF-tillitsvalde: «Vil melde om uro i partiet»
UNDERSKRIVARAR: Trude Brosvik, gruppeleiar fylkestinget i Vestland og Øyvind Håbrekke, gruppeleiar Oslo bystyre.
Dagen-arkiv
Vi gler oss over eit valresultat som igjen har ført oss over sperregrensa og gitt meir enn ei dobling av tal stortingsrepresentantar. Partileiaren si offensive profilering av valkampsakene våre har vore avgjerande for at vi har lukkast, og ført til entusiasme som også har gitt mange nye medlemmer.
Fordi vi ønskjer å halde fram denne gode trenden ser vi likevel behov for å melde om uro i organisasjonen og starte ein samtale om nokre viktige spørsmål for arbeidet fram mot vala i 2027 og 2029.
Vi rettar dette innlegget til sentralstyret på bakgrunn av en lang rekke tilbakemeldingar frå KrF-veljarar og medlemmer, samt nokre tillitsvalde og listekandidatar- som gjennom valkampen har kontakta oss og vore usikre på om dei kan stemme på oss, og for nokon om dei vil halde fram i partiet.