Debatt
TRØYST: Jobs liding er ingen trøystebodskap, men den suverene og til tider skjulte Gud er ein trøystebodskap, og i det er Jesu liding trøystebodskapen framfor alt, skriv Johanes Kleppa.
Tore Hjalmar Sævik
Korleis lesa Jobs bok?
Eg takkar Lars Fossdal for hans kommentar i Dagen 4/10 til mi melding av C. J. Williams bok «Skyggen av Jesus i Jobs bok». Med det får ein fram fleire synspunkt på korleis ein skal lesa Jobs bok, og kva hovudbodskapen i denne er. Eg har ikkje fasiten i dette spørsmålet, men eg vil gje nokre tilbakemeldingar på det Fossdal skriv. Det meste er eg samd i.
Det store spørsmålet er om vi skal lesa Jobs bok typologisk eller ikkje. Williams hevdar det er hovudperspektivet på boka, og eg forstår det slik at Fossdal sluttar seg til det, men at ei historisk lesing også høyrer med. Eg meiner ein historisk-litterær lesemåte er hovudperspektivet, men at fortellinga om Job også til ei viss grad kan brukast som illustrasjon på Jesu lidingshistorie og frelsesverk.
Med typologiske lesing meiner ein at personar i GT er førebilete eller skuggar som viser til Jesus, altså at dei på ein måte er «typar» på Jesus. For nokre personar er det udiskutabelt fordi NT brukar dei slik. Det vanlege er då at det gjeld bestemte sider ved Jesu person og frelsesverk, ikkje totalt sett for Jesus liv og liding. Moses er primært førebilete på Jesus som profet, Melkisedek på Jesus om øvsteprest og Adam på Jesus som stamfar.