Debatt
LIBERAL: Når vi no ser teologane og kyrkjeleiarane stå fram og tale varmt om homofilt samliv (...), så diskvalifiserer dei faktisk seg sjølve som åndelege leiarar, skriv Iver-O. Grimstad.
Solveig Vikene, NTB
Korleis diskvalifisere seg som åndeleg leiar
Augustin frå Hippo skildra sin tilstand før han vende om til Gud. I sitt autobiografiske verk «Bekjennelsar» frå rundt 400 e.Kr. sa han:
«Eg hadde snudd ryggen mot lyset og ansiktet mot det som blei opplyst, så ikkje noko lys kom over ansiktet mitt, eller på auga som såg dei.»
Augustin sine ord er eit ekko frå profeten Jeremia: «Dei snudde ryggen til meg, ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og ikkje ta imot lærdom» (Jer 32,33).